Positivt og engasjerande dialogmøte med frivilligheita

Heile 28 lag og organisasjonar møtte kommunen til årets dialogmøte måndag kveld. Temaet var økonomiske utfordringar og korleis kutt i tilskot påverkar frivillig sektor på Bømlo.

sal med folk får presentasjon - Klikk for stort bilete28 friviljuge lag og organisasjonar var representerte på dialogmøtet med kommunen. Simon Knutsson Sortland

Bakgrunnen for møtet var brevet frå over 40 lag og organisasjonar som i juni bad kommunestyret om ein meir føreseieleg frivilligpolitikk og åtvara mot kutt i førebyggjande arbeid retta mot barn og unge.

– Me tok utgangspunkt i brevet frå laga og snakka rundt bordet om korleis situasjonen er no, og kva verknad budsjettvedtaka har hatt på arbeidet deira, seier Johanne Kristiansen, rådgjevar for folkehelse og frivilligheit.

Ønskjer meir stabile tilskotsordningar

Frivilligheita uttrykte behov for meir stabile tilskotsordningar som gjer det lettare å planleggje og drive aktivitetar. Mange delte erfaringar om kor mykje tid som går med til å samle inn pengar og søkje støtte. Kristiansen fortel at sjølv om økonomi var eit gjennomgåande tema, var stemninga god og prega av samarbeid og engasjement.

– Eg synest det var eit veldig positivt møte. Dei fleste ga uttrykk for at økonomien er krevjande, men samtidig var dei veldig fokuserte på det som er positivt, seier ho. Fleire nytta høvet til å takka for samarbeidet med kommunen. Prosjektet Me høyre te vart særleg trekt fram som inspirerande og motiverande.

Ny frivilligpolitisk plattform og fritidserklæring

Kommunen informerte om arbeidet med ein ny frivilligpolitisk plattform som del av temaplanen for kultur, idrett og frivilligheit. I tillegg er det utarbeidd eit utkast til lokal fritidserklæring som skal sikre at alle barn og unge får tilgang til fritidsaktivitetar.  Blant dei 28 laga som møtte, var både store og små organisasjonar representerte – frå idrett og speidar til korps, kultur og helsearbeid.

– Det var eit mangfald av lag frå heile kommunen, frå nord til sør, og eit veldig godt tverrsnitt av frivilligheita på Bømlo, seier Kristiansen.

Aktivitetsportal og fritidskortet

Kristiansen orienterte om status for portalen Aktivitet for alle (AFA) som er ein aktivitetsportal for alle innbyggjarane på Bømlo. Portalen viser aktivitetar og arrangement for personar i alle aldersgrupper og til no er det 40 lag som har registrert seg.

Søknadar om bruk av Fritidskortet skal også sendast via denne portalen når søknadsordninga er klar. Det er allereie no mogleg for foreldre å registrere seg som brukarar på sida. Me er i den siste utprøvingsfasen no og det kjem meir informasjon både på nettsida vår og direkte til foreldra gjennom lag og organisasjonar når ordninga er klar til bruk.