Rådgjevar Christine Grønås Mæland orienterte om ny tenestestandard i utval for levekår. (Arkivfoto)
Simon Knutsson Sortland
Helsedirektoratet presiserer at det ikkje er kva teneste teknologien erstattar som er avgjerande, men kva behov for helsehjelp tryggleiksalarmen skal dekka. Kommunane kan ikkje krevja eigenbetaling for tryggleiksalarm når alarmen er nødvendig for å gi helsehjelp. Dette omfattar også kostnader til installasjon.
Interkommunalt samarbeid
Bømlo kommune har stoppa fakturering av eigenbetaling for tryggleiksalarm og samarbeidar no med Stord, Kvinnherad og Fitjar kommune for å samstemma vidare praksis. Kommunen går no gjennom alle rutinar, avtalar og vedtak om tryggleiksalarm. Presiseringane frå Helsedirektoratet blir lagde til grunn i den nye tenestestandarden. Det vil bli gjort konkrete og individuelle vurderingar.
Kommunen vil senda ut informasjon til alle som i dag har tryggleiksalarm.
Utval for levekår og formannskapet får dette som meldingssak i sine møter neste veke.