Prøveresultat badeplassar 2025

Den årlege prøvetakinga frå dei offentlege badeplassane er gjennomført, og prøvane visar gode resultat i år og. 

Årleg tar Bømlo kommune prøvar frå dei offentlege badeplassane i kommunen. Badevatnet blir testa for E.Coli og Intestinale Enterokokker, som er bakteriar som kjem frå tarmen til mennesker og dyr, og er ein indikator på fekal forureining i sjø og vatn. 

Prøveresultata kom tilbake positive, med verdiar som tilsvarar kategorien “utmerket” etter standarden i EUs badevassdirektiv.  

Verdiane er pr. 100mL. Teiknet < visar til at verdien er mindre enn talet som er oppgitt.