Prøvetaking badeplassar 2026
Den årlege prøvetakinga frå dei offentlege badeplassane i kommunen er gjennomført, og prøvane visar gode resultat i år og.
Bømlo kommune gjennomfører årleg prøvetaking av badevatn på dei offentlege badeplassane. Prøvane blir analysert for E.Coli og Intestinale enterokokkar, som er indikatorbakteriar for fekal forureining frå menneske og dyr.
Prøveresultata i år var gode, som dei også var i fjor. På alle badeplassane ligg verdiane på eit nivå som tilsvarar “utmerka” kvalitet etter standarden i EUs badevassdirektiv.
Verdiane er pr. 100mL. Teiknet < visar til at verdien er mindre enn talet som er oppgitt. Prøvane er tatt 16. juni 2026.