Regnbogeflagg på skulane i Bømlo fredag 5. juni

Fredag 5. juni vil det bli flagga med regnbogeflagget ved alle skulane i Bømlo. Flagginga er eit synleg uttrykk for kommunen og skulane sitt arbeid for eit trygt og inkluderande skulemiljø, der alle elevar skal kunna kjenna seg velkomne og få vera den dei er i fellesskapet.

gruppe med politikarar i møte - Klikk for stort bileteUtval for levekår fekk orienteringar frå seksjonane OKI og helse. Simon Knutsson Sortland

Skulen er ein viktig møteplass for mangfald. Elevane våre har mange ulike bakgrunnar, erfaringar, identitetar og uttrykk, og dette mangfaldet er ein styrke. Å heisa regnbogeflagget er ein måte å visa at skulane vil leggja til rette for eit fellesskap som er prega av respekt, likeverd og omtanke for kvarandre. 

Regnbogeflagget symboliserer desse verdiane. Flagginga handlar ikkje om å løfta fram einskildgrupper, men er ei markering av grunnleggjande verdiar i opplæringa og samfunnsmandatet til skulen.

Flagging med regnbogeflagget kan òg bidra til gode samtalar i skulekvardagen om mangfald, toleranse og inkludering. Det er ei enkel, men tydeleg og synleg markering som viser at skulane i Bømlo har rom for alle. Me ynskjer gjennom dette å styrkja arbeidet mot mobbing, utanforskap og diskriminering, og å byggja fellesskap og tilhøyrsle for alle elevar.

Utval for levekår fekk orientering om dette 19. mai av kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer.