Saman for å skaffe fleire fosterheimar i nærmiljøet

– Når barn og unge treng fosterheim, ønskjer vi at dei skal få bu i sitt nærmiljø – der dei er trygge og kjende i omgjevnadene., seier ordførarane Morten Helland (Bømlo), Wenche Tislevoll (Fitjar) og Sigbjørn Framnes (Stord).

Det seier ordførarane Morten Helland (Bømlo), Wenche Tislevoll (Fitjar) og Sigbjørn Framnes (Stord) som no går saman for å skaffe fleire fosterheimar i nærmiljøet. Det er Sunnhordland interkommunale barneverntjeneste (SIB) – Stord, Bømlo og Fitjar – startar no eit tett samarbeid med Bufetat for å rekruttere fleire fosterheimar i lokalsamfunna. Målet er at barn som treng ein ny heim skal få bu nær det dei kjenner, og sleppe flytting langt bort frå nettverk og miljø.

Lokalt engasjement gir resultat

Som del av kampanjen lanserer kommunane ein felles film i sosiale medium. Der ber ordførarane innbyggjarane om å vurdera om dei kan opna heimen for eit barn.

– Til deg som er bømling, fitjarbu eller stordabu: Er du ein trygg vaksen med litt ekstra hjarterom og husrom, kan du bety ein forskjell i livet til eit barn, oppmodar dei.
Erfaringar frå tidlegare Zip-samarbeid viser at lokalt engasjement gir resultat. Kommunar som har delteke før, står ofte for halvparten av deltakarane på regionale nettmøte om å bli fosterheim. Mange som tek kontakt i etterkant, peikar på at dei ønskjer å bidra nettopp i si eiga kommune.

Les om Ein familie med eit stort hjarta

Kampanjen startar i dag 9. desember og vil synast i sosiale medium og gjennom informasjonsmateriell i dei tre kommunane. SIB og Fosterheimstenesta inviterer til digitalt informasjonsmøte 20. januar 2026 for alle som vil vita meir om korleis ein kan bli fosterheim i sitt nærmiljø.

Les meir om oppfølging og støtte du får som fosterheim på Sunnhordland Interkommunale Barnevern (SIB)