Politirådsmøte i Bømlo kommune juni 2025. Frå venstre beredskapsrådgjevar Bente Ovesen, kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland, kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter, kommunalsjef helse og omsorg Kjell Magnar Mellesdal, SLT-koordinator John Henrik Staveland Sæter, ordførar Morten Helland, fungerande politikontakt Marlene Nyborg Veivåg, politistasjonssjef Marit Ellingsen og kommunalsjef oppvekst kultur og idrett Torunn Laurhammer.
Simon Knutsson Sortland
Sidan 2020 har Politioverbetjent Marlene Nyborg Veivåg vore tilknytta førebyggjande avsnitt ved Stord politisjasjon. Før det var ho innom førebyggjande avsnitt hos politiet i Bergen og Oslo sentrum. 1. april i år overtok ho som politikontakt i Bømlo etter Nils Blikra som er ute i eitt års permisjon.
Ungdomsmiljø hardnar til
- Me opplever at ungdomsmiljøa hardnar til og at ungdomskriminaliteten aukar over heile landet, mest i byane men det skjer også ute i distrikta. Det er særleg valds- og vinningskriminalitet som aukar. Dette ser me også på Bømlo og Sunnhordland, men det er berre ein liten kjerne som begår fleire lovbrot. Det går bra med dei fleste ungdomane, understrekar politikontakt Veivåg.
Ho poengterar at politiet ikje kan løyse denne oppgåva åleine, og difor er det viktig å ha mange gode samarbeidspartnarar i det førebyggjande arbeidet. Det er både kommunen og andre etatar, skulane og kulturtilboda og utekontaktar. Veivåg ser si rolle som eit viktig bindeledd for å bidra til eit godt samarbeid mellom politiet og kommunen. Sjølv om det primært er førebyggjande arbeid ho driv med, er det også mange andre politioppgåver og publikumskontakt.
Politikontakten har kontorstad hos Politiet i brannstasjonen på Svortland, men prøver å leggje sine dagar utanom dei vanlege kontordagane til politiet mandagar og torsdagar. Veivåg brukar mesteparten av tida si på å vitja dei ulike samarbeidspartnarane i sitt dekningsområde. På fritida er vår friluftslivsglade politikontakt travel småbarnsforelder til to og ein hund.
Om publikum treng å ta kontakt for til dømes å melda lovbrot, stilla spørsmål eller drøfta ei sak kan dei ta kontakt på e-post via politiet sine nettsider.