Politibetjent Øyvind Børnes orienterte om teikn og symptom på bruk av rusmidlar for aktørar i utelivsbransjen på Bømlo.
Vibeke Robberstad Sortland
– Samarbeidet mellom kommune, utelivsaktørar og naudetatar er heilt avgjerande for å kunne ha eit trygt og godt uteliv på Bømlo. Ansvarleg vertskap er eit viktig verktøy i dette arbeidet, seier konsulent Vibeke Robberstad Sortland. Ho har ansvar for skjenkesaker i kommunen.
Samla aktørar til møte
Nyleg samla kommunen, politiet, brann og redning og utelivsaktørane seg til møte om ansvarleg vertskap ved Moster Amfi. Utelivsaktørane gav kort status frå eiga verksemd, og dei delte erfaringar knytt til drift, samarbeid med politi og kommunen, samt observasjonar frå skjenkesituasjonar.
Politioverbetjent Øyvind Børnes gav dei fagleg påfyll, mellom anna om teikn på bruk av rusmiddel og korleis dei kan kjenna igjen endringar i åtferd. Børnes orienterte om ulike rusmiddelgrupper og kva effekt dei har, samt korleis ein kan kjenna att teikn som fysiske endringar, endra åtferd og psykiske reaksjonar. Han understreka at symptom også kan ha samanheng med sjukdom.
Jobbar for trygt uteliv
Bømlo kommune jobbar aktivt for eit trygt og ansvarleg uteliv gjennom arbeidet med ansvarleg vertskap. Her samarbeider kommunen, næringslivet og naudetatane om å førebyggja uheldige situasjonar knytt til alkoholservering.
Ansvarleg vertskap handlar om å skapa trygge møteplassar, ha gode rutinar for servering, oppdaga og handtera situasjonar der gjester kan vera påverka av rusmiddel.
Målet er å redusera risiko for vald, ulykker og andre negative konsekvensar.
Gode erfaringar i Bømlo
Bømlo har gode erfaringar med skjenkekontroll og samarbeid i bransjen. I 2025 gjennomførte NoRoSun sal- og skjenkekontroll 38 kontrollar utan å avdekkja brot. Kommunen vurderer dette som svært positivt. Samarbeidet om kontroll og tilsyn fungerer godt, og arbeidet held fram med høg kvalitet og jamn aktivitet. Per i dag har Bømlo kommune åtte skjenkeløyve.
Ny rusmiddelpolitisk plan
Måndag 8. juni vedtok kommunestyret ny rusmiddelpolitisk handlingsplan for perioden 2026–2031. Planen gir tydelege føringar for korleis kommunen skal jobba førebyggjande med rus og alkoholpolitikk i åra framover.
- Me jobbar for at det skal vera eit trygt og inkluderande uteliv for innbyggjarar, tilreisande og dei som jobbar i bransjen, seier SLT-koordinator John Henrik Staveland Sæter som har utarbeida planen.
Kommunen vil mellom anna vidareføra og styrka arbeidet med ansvarleg vertskap og samarbeida tett med utelivsaktørar og naudetatar. Det vil bli gjennomført jamlege samlingar for kompetanseheving, og aktiv oppfølging av serveringsstader. Planen legg opp til å få utvikla betre informasjon til arrangørar og oppretthalda kvaliteten på kontrollar.