Samfunnsdelen endeleg vedteken

Kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) for 2025-2035, budsjettrevisjon 1. halvår og framlegg til avtale med Foldrøy Montessori skule AS vart alle samrøystes vedteke i kommunestyremøtet måndag kveld. 

gruppesamlingar i stor sal - Klikk for stort bileteGruppearbeid om budsjettet i kommunestyresalen. Simon Knutsson Sortland

FrP sitt framlegg om å utsetje handsaminga av kommuneplanen sin samfunnsdel vart nedstemt og dermed var det klart for punktvis avrøysting over 43 endringspunkt. Deretter vart Kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) for 2025-2035 samrøystes vedteken. Kommunedirektøren fekk fullmakt til å gjere redaksjonelle endringar og tilpassingar i tråd med vedtaket. 

Saksframlegg og protokoll kommunestyremøte 16.06.2025

Positiv utvikling men med risiko

Driftsrapporten for årets første fire månader viser at drifta er i økonomisk balanse, med eit samla mindreforbruk på 144.000 kroner.  Det er likevel utfordringar i deler av verksemdsdrifta. Prognosane for året viser at det er driftsutfordringar innan helse , sosial, pleie og omsorg. I tillegg har kommunen fått nye utfordringar grunna endring i brukarsamansetninga for barn og unge. Eigedomsskatteinntektene og venta Havbruksinntekter vert redusert. Det same gjeld inntektsanslaget for ressurskrevjande brukarar.

På den positive sida er den gode skatteinngangen som fører til auka inntekter for kommunen.  Kommunedirektøren sitt framlegg til endringar i kommunen sitt driftsbudsjett på 31,8 millionar kroner vart samrøystes vedteke. 

I si orientering til kommunestyret peika kommunedirektøren på ei positiv utvikling med nedgang i sjukefråver. Vidare at kontrakt på kjøken BBH/renovering og ombygging av BBH er tildelt Engevik & Tislevoll. Framover vert det planlagt for midlertidig drift av kjøken, og oppstart på byggearbeidet er planlagt til 18. august med planlagt ferdigstilling mars 2026. Brakker ved Meling skule vonar ein er på plass til skulestart i august. Forprosjekt for løysing med modulbygg på Våge skule vert starta opp, og det vert arbeidd vidare med samlokalisering av Barne- og familietenesta i Svortland sentrum.

Kommunedirektøren fekk samrøystes fullmakt til å inngå intensjonsavtale og leigeavtale med Foldrøy Montessoriskule AS. Kommunen skal etter tre års utleige vurdere sal av bygget til leigetakar. 

Arkivopptak kommunestyremøte 16.06.2025 (teksting kjem)

Politisk handlingsrom

- De har ofte større handlingsrom enn de trur, men går dykk av og til vill mellom jus og politikk, poengterte Fredrik Holth frå Holth og Winge i sitt føredrag om dispensasjonssaker og planvask. Han peika mellom anna på at å rydda opp i gamle reguleringsplanar ved å oppheva/erstatta dei ville vere ei stor styrke også når ein skal handsame dispensasjonssaker. Holth sin humoristiske form landa mange aha-opplevingar hjå både politikarar og administrasjonen som var samla til ein heildags politisk verkstad måndag. Tema etter lunsj var budsjett og økonomisk handlingsrom.

- Ein svært nyttig dag, særleg god og oppklarande første del, seier ordførar Morten Helland. Trur mange vart introdusert til eit område som kan verke veldig komplisert. Eg synes dialogen om budsjett og økonomi var svært god, særleg at me jobba på tvers av partier, råda og dei tillitsvalde. Helland meiner dette er særleg viktig for å få til gode budsjettprosessar på tvers av partia framover.