Samhandlingsmøte om leikeplassar og nærmiljøanlegg

Leikeplassar, ballbingar og nærmiljøanlegg er viktige møteplassar for born, unge og familiar. Mange av desse anlegga i Bømlo er eigde og drivne av velforeiningar, grendalag, veglag og andre lokale lag. Måndag held Bømlo kommune samhandlingsmøte for å setja fokus på ansvar, tryggleik og samarbeid.

Målet med møtet er å samla dei som eig eller driv leikeplassar og nærmiljøanlegg, slik at dei kan dela erfaringar, få fagleg informasjon og drøfta moglegheiter for samarbeid.

Leikeplassar skal vera trygge og godt vedlikehaldne. Samstundes kan det vera krevjande å ha oversikt over regelverk, kontrollar og ansvar. På møtet vil deltakarane få informasjon om kva ansvar som følgjer med eigarskap og drift av slike anlegg, og korleis ein kan arbeida for å skapa trygge møteplassar i lokalmiljøet.

Tema på møtet

rettsleg ansvar og oppgåver knytt til å eiga og driva ein leikeplass
informasjon om Vellenes Fellesorganisasjon og kva organisasjonen kan bidra med
kommunalt ansvar og oppgåver
erfaringar med leikeplasskontroll og mogleg samordning av årleg kontroll for å redusera kostnader
utveksling av idear og erfaringar
behov for vidare samarbeid, møte eller opplæring

Innleiarar

  • Ole Johan Jensen, tidlegare styreleiar i Vellenes Fellesorganisasjon
  • Monica Korsvik Sætre, juridisk rådgjevar eigedom i Bømlo kommune
  • Elisabeth Holme Knutsen, rådgjevar kultur og idrett i Bømlo kommune

Kommunen håpar møtet kan leggja grunnlaget for eit nyttig nettverk og ein god dialog mellom dei som arbeider for å utvikla og halda ved like leikeplassar og nærmiljøanlegg rundt om i kommunen.