Sanering av gamle telefonlinjer i Håvikvåg og Mæland

Firmaet Linjeproff AS varslar om sanering av kabel/skap/stolpe for Telenor i områda Håvikvåg og Mæland. Dei vil byrja arbeidet i løpet av mai (veke 19) og halda på fram til november 2024.

kart med telefonlinjer skissert - Klikk for stort bileteSanering av gamle telefonlinjer i områda Håvikvåg og Mæland. Telenor/Linjeproff AS

På grunn av arbeidet sin art vil dei vere avhengige av å nytta motorkøyretøy for nødvendig transport av utstyr og mannskap. Transporten vil gå langs eksisterande stolpetrasear og frå/til offentleg veg. Dei varslar og om bruk av ATV og beltegåande køyretøy langs eksisterande tele/el-linjer i kommunen, med heimel i motorferdselloven § 4 første ledd bokstav b.

- Me ber om å få opplyst om det er område der det frå vår side må treffast spesielle tiltak i samband med miljø/naturvern. Me vil sjølvsagt bestreba oss på å ivareta natur/fauna på best mogleg måte, og ønskjer eit godt samarbeid med både kommunen og private grunneigarar som måtte bli råka, opplyser, Jørn-Bjarne Johansen i Linjeproff AS.

Kontakt Linjeproff AS vedrørande varselet: Send e-post 

Telefon: 
Contract & Communication Manager Jørn-Bjarne Johansen -  905 81 929
Project support Ronny Østli - 909 97 114

Til toppen