Planlegg du å brenna sankthansbål 23. juni? Hugs at det generelle bålforbodet gjeld frå 15. april til 15. september.
St. Hans-bål ved strand. (Illustrasjonsfoto).
Privat
Dette må du vita
- Du må følgje gjeldande reglar for bålbrenning
- Du har sjølv ansvar for at bålet er trygt og forsvarleg
- Du må sløkkje bålet heilt før du forlèt staden
- Du skal ikkje melde sankthansbål til nødsentralen
Den som tenner bålet har ansvar for at det er trygt, og for at det er heilt sløkt før ein forlèt staden.
Les meir frå Norsk brannvernforening for råd og rettleiing om trygg bålbrenning.
Me ønskjer alle ei trygg og hyggeleg sankthansfeiring.