SIBS‑tilbod for søsken og foreldre startar 11. mars

Har du eit barn med ei langvarig diagnose, og søsken som kan trenga støtte og forståing i kvardagen? Bømlo kommune startar no opp SIBS som er eit gruppetilbod retta mot både søsken mellom 8 og 16 år og foreldre.

teikneseriebilete av mange born - Klikk for stort bileteSIBS er eit gruppetilbodeit gruppetilbod som er retta mot både søsken mellom 8 og 16 år og foreldre til barn med ei langvarig diagnose.. Skjermdump frå https://sibs.no/om-intervensjonen/

Tilbodet er utvikla av Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar ved Frambu kompetansesenter i samarbeid med Universitetet i Oslo. Bømlo barne- og familieteneste vil no tilby dette lokalt.

Dette er SIBS

Eit tilbod for heile familien

SIBS byggjer på tanken om at heile familien skal få støtte når eitt av barna har ei langvarig fysisk eller psykisk sjukdom eller ei funksjonsnedsetjing. Målet er å styrkja kommunikasjonen heime og gi søsken verktøy som kan gjera kvardagen lettare å handtera. God kommunikasjon kan førebyggja psykiske vanskar og bidra til at søsken får større tryggleik og forståing for situasjonen dei står i.

Gjennom samtalar, felles aktivitetar og enkle øvingar får deltakarane høve til å øva på å lytta til kvarandre, utforska eigne tankar og kjensler og setja ord på det som kan vera vanskeleg. Foreldra deltek saman med søskena og får støtte til å møta barna sine behov på ein god måte. Målet er at heile familien skal kjenna seg tryggare og betre rusta til å snakka om det som ofte er krevjande.

Praktisk informasjon

Samlingane går i Bømlohallen på Bremnes, frå klokka 15 til 17. Oppstart er onsdag 11. mars, og dei to neste samlingane er onsdag 18. mars og onsdag 25. mars. Søsken kan delta saman med ein av foreldra, og den same forelderen må vera med på alle samlingane.

Lurer du på om dette kan vera nyttig for familien din, eller kjenner du nokon som kan ha glede av tilbodet? 

Du er velkomen til å ta kontakt for meir informasjon eller påmelding:
Britt Mari Farestveit
Telefon: 908 22 991
E‑post: britt.mari.farestveit@bomlo.kommune.no