Sjakkturnering på Svortland skule

Elevrådet på Svortland skule arrangerer sjakkturnering kvar vår. Dette er for for alle elevane som har lyst på 4. -7. trinn.

ung gut med lue spelar sjakk - Klikk for stort bileteFinalen i sjakkturneringa med flott brett utlånt av rektor Kari Østensen. Gørill Haldorsen

Elevane først spelar mot andre i sin klasse, så spelar vinnaren i kvar klasse mot vinnaren i parallellklassen. Då har me ein trinnvinnar på kvart trinn.

Når trinnvinnaren er kåra, spelar me semifinalar i amfiet der klassane får vera publikum. Trinnvinnarane på 4. og 5. spelar mot kvarandre, og same gjeld trinnvinnarane på 6. trinn mot 7. trinn.

- I år vart finalen mellom 4. trinn og 7. trinn. Ein spanande finale der ein får bruka det fine sjakkbrettet til Rektor. Vinnaren vart Nathaniel frå 7b, og han vann for 3. år på rad. Gratulerer med sigeren, skriv elevrådet ved Svortland skule.

gut med diplom - Klikk for stort bileteÅrets vinnar av sjakkturneringa ved Svortland skule vart Nathaniel Leander Fauskanger frå 7B. Gørill Haldorsen