Skal framleis ta omsyn til både hjelpetrengjande og pårørande

Ny tenestestandard for helse har skapt mykje debatt om kva kommunen skal tilby av helsehjelp framover, og til dels uro for kor mykje som skal overlatast til pårørande. Dette kom også fram under kommunestyret sitt møte måndag kveld.

kvinne på talarstol - Klikk for stort bileteKommunalsjef for helse, sosial og omsorg Monica Smedsrud tok ordet under saka om ny Tenestestandard og synte mellom anna til kommunen sin pårørandestrategi. Simon Knutsson Sortland

Bømlo kommune står framfor store endringar med fleire eldre, fleire med samansette behov og færre i arbeidsfør alder, og må difor prioritera tydelegare og bruka ressursane og kompetansen meir målretta. Kommunen vil leggja meir vekt på førebygging, rehabilitering, tidleg innsats og eigenmeistring, og ta i bruk teknologi og samarbeid med frivillige og pårørande for å gi tenester på lågast mogleg nivå. 

Sjå arkivopptak kommunetv 02.11.2026

Tenestestandarden som vart vedteken måndag skal gjera det tydeleg kva tenester kommunen har, kva vilkår som gjeld og kva innbyggjarane kan venta. Den skal bidra til ei meir lik og føreseieleg tildeling basert på nytte, ressursbruk og kor alvorleg behovet er, samtidig som kommunen vurderer kvar søkjar individuelt. Den nye enestestandarden skal gjera oppfølginga av pårørande tydelegare og meir systematisk. 

- HSO jobbar systematisk med pårørandestøtte, eit arbeid som vil halde fram i tida som kjem. Me skal vurdera behova individuelt og tilby pårørande opplæring, rettleiing, avlasting eller anna støtte når det er nødvendig. Den nye pårørandestrategien (PDF, 852 kB) skal bidra til meir forutsigbarheit, der målet er å bidra til at pårørande opplev meistring utan at det går på bekostning av eiga helse og livskvalitet, understreka kommunalsjef for helse, sosial og omsorg Monica Smedsrud då saka vart handsama i kommunestyret.

Godt skussmål til BVA

mann presenterer for politisk møte - Klikk for stort bileteDeloitte ved Erlend Risvand Moe presenterte "Forvaltningsrevisjon av Bømlo vatn og avløpsselskap - revisjonsrapport" for kommunestyret. Simon Knutsson Sortland

Erlend Risvand Moe i Deloitte presenterte rapporten etter gjennomgått forvaltningsrevisjon av Bømlo vatn og avløpsselskap (BVA). Deira funn syner eit veldrive selskap som leverer godt vatn, men har utfordringar på avløpssida. Dei kan også bli betre på system- og rapporteringsrutinar. Det kom opp spørsmål om sjølvkost og anleggsbidrag. 

Fleirtalet i kommunestyret vedtok sjølve revisjonsrapporten, endring i Forskrift om vass- og avløpsavgifter i Bømlo kommune og revidering av driftsavtalen mellom Bømlo kommune og Bømlo Vatn og Avløpsselskap. 

Fristillar burettslag

Resten av sakene i kommunestyret vart stort sett vedtekne i tråd med innstillingane frå utvala. 

Innkalling og protokoll kommunestyret 02.11.2026

Mellom anna vart Storavatnet burettslag fristilt frå kommunal utpeikingsrett, krav om prisregulering og fastsette vilkår for å vera luteigar. Storavatnet burettslag vart stifta i 2004 og omfattar 16 andelar, eller bueiningar. 

Kommunestyret vedtok å gjennomføre ein konseptkonkurranse for BUS-tomta utan å først utarbeide ein reguleringsplan, og gav ordførar fullmakt til å revidere og godkjenne konkurransegrunnlaget før utlysing etter dialog med gruppeleiarane.

Vidare vert det offentleg høyring om forskrift om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Bømlo. Det var også semje om detaljregulering for Pøyla naustområde 110/329 m.fl. på Alvsvåg. Her vart punktet om ei ny føresegn vedrørande hekkeperiode for tjeld teken ut. Det vert ikkje oppretta ein digital brøytepool i kommunal regi. Formannskapet si innstilling om kommunale tilskot til spelemiddelanlegg vart også vedteke.