Skuleborn hjelper skuleborn i krig

Svortland skule sette ny rekord med 141 000 kroner til TV-aksjonen. Moster skule, som i 2024 vart tildelt TV-Aksjonen sin Eldsjelpris, har i år samla inn 124 000 kroner. Sjølve aksjonsdagen er sundag 19. oktober. Innsamla pengar går i år til Atlas-alliansen for å opna dører for funksjonshemma i krig og fattigdom i form av naudhjelp, utdanning og moglegheita til eit betre liv.

barnekor med dirigent på stor scene - Klikk for stort bileteSvortland skule sin konsert i kulturhuset med 5.-7. trinn til inntekt for Atlas-alliansen og TV-aksjonen 2025. Svortland skule

- Fantastisk resultat

Svortland skule sette ny rekord med 141 000 kroner innsamla gjennom sin tradisjonsrike konsert i kulturhuset med 5.-7. klasse, panteaksjon, loddsal av elevrådet og Open dag på skulen for 1.-4.  klasse. Panteaksjonen samla inn heile 73 716 kroner, som slår tidlegare rekord med nær 13 000.  - Me er kjempestolt over elevane sin panteinnsats i år. Eit fantastisk resultat etter ei flott veke med stor innsats, rosar rektor Kari Østensen. 

Elevane engasjerer seg

Våre andre skular har også hatt aktivitetar i samband med TV-aksjonen. Gilje skule  arrangerte aktivitetsløypa og kafè tysdag 30. september. Mykje folk og kjekke aktivitetar ute resulterte i til saman 15 460 kroner til TV-aksjonen. 

Torsdag 2. oktober hadde Moster skule Open Dag for elevar og foreldre der dei hadde framsyninga «Saman Opnar me Dørar». Her framførte elevar frå 5. til 10. trinn dans, skodespel og song. 

seks elevar med kvart sitt tal syner fram sum - Klikk for stort bileteAtlas-alliansen får 124000 kroner frå Moster skule i samband med årets TV-aksjon. Moster skule

- Me hadde godt med besøk på sjølve kvelden med lotteri, ulike produkt for sal, loppemarknad og aktivitetar. Å bli tildelt TV-Aksjonen sin Eldsjelpris i fjor er noko me er veldig stolte av og som me deler med heile bygda, fortel rektor Joakim Lund.

Meling skule var det Open skule på eit kveldsarrangement med underhaldning, utstilling og av elevarbeid samt foreldrekafè. Dei hadde også Panteaksjon til inntekt for TV-aksjonen, med pizzapremie til beste klasse. Den vanlege aksjonsveka vart i år til etter haustferien.

Våge skule gjennomførte eit kveldsarrangement onsdag 1. oktober i lag med FAU. Elevane samla inn pengar ved å gå rundar rundt skulen og nærområdet "Hønderunden". Gjennom løypa er det ulike oppgåver ein må utføra som til dømes "Landhockey - før ballen med hockeykølla rundt kjeglene og tilbake" og "Svampekast - Prøv å treff Randi eller Anne Beth med svampen." Skulen har oppretta Spleis, som er heilt frivillig. FAU stilte med servering av kveldsmat.

Rubbestadneset skule har ikkje ei spesiell markering i høve til TV-aksjonen, men hadde torsdag før haustferien "Open dag" der føresette, søsken og andre som ville koma deltok. Dette er eit uteopplegg der elevane lagar aktivitetar, dei syng for publikum og har kafè. Skulen samlar inn pengar til FORUT, der dei og har skuleløp på våren der inntekta går til det same.

Open internasjonal språkkafè

elev i rullestol i krigsherja afrikansk land - Klikk for stort bileteBli bøssebærar for TV-aksjonen 19. oktober. NRK TV-aksjonen

Bømlo vaksenopplæring arrangerer Open internasjonal språkkafè 22. oktober klokka 12.15 der overskotet frå sal av påsmurte baguettar og kaker går til TV-aksjonen.

Sjølve aksjonsdagen er sundag 19. oktober. Innsamla pengar går i år til Atlas-alliansen for å opna dører for funksjonshemma i krig og fattigdom i form av naudhjelp, utdanning og moglegheita til eit betre liv.