Christer Agasøster (H) fremja interpellasjon om ekstern gjennomgang av seksjon samfunnsutvikling i kommunestyret.
Simon Knutsson Sortland
Statsforvaltaren gav klagarane medhald i detaljreguleringsplanen Busthorn del av gnr. 89 bnr. 4 og 9 med fleire. Statsforvaltaren meiner er at kommunestyret sitt vedtak kunne ha vore annleis dersom Bømlo kommune hadde følgt reglane for planprogram og konsekvensutgreiing. Planen la opp til kring 200 bustader, næringsareal og friluftsføremål i eit område på om lag 290 dekar.
Dersom tiltakshavarane eller kommunen ønskjer å arbeida vidare med planen, må heile planprosessen starta på nytt frå byrjinga med både planprogram og konsekvensutgreiing då krava er at desse ikkje kan leggjast inn i etterkant.
Møteinnkalling og protokoll kommunestyremøte 23.03.2026
Beklaga tidsbruk
Ankepunkta frå dei folkevalde gjekk på for dårleg informasjon, mangelfull og altfor lang saksbehandlingstid. Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter sakna tydelege signal frå Statsforvaltaren under prosessesn og slik sett kom avgjerda litt bardust på.
- Eg beklagar ikkje utfallet om det vart slik eller slik då det ikkje er mi oppgåve, men eg beklagar sterkt at denne planen har teke 11 år og fire månader. Det hadde og vore ønskeleg for oss å fått eit litt tidlegare varsel om avgjerda slik at me kunne fått førebudd ein god kommunikasjon ut. Ordførar Morten Helland la til at heile prosessen og tidsbruken har vore svært uheldig, men at den kan gi lærdom for både Statsforvaltaren, fylket og Bømlo kommune.
Kommunestyret var samde om at formannskapet skal få ei tydelegare rolle i arbeidet med planstrategi i starten av kvar valperiode. Forslaget kom frå Christer Agasøster (H) og fekk samrøystes støtte. Sluttrapporten frå Tørn‑prosjektet ved Bømlo bu og helsesenter Post 1 Nord viser svært gode resultat. Kommunestyret ønskjer difor å vidareføra arbeidet og tilpassa det til andre avdelingar. Det blir òg viktig å evaluera og vidareutvikla endringane som allereie er gjennomførte på Post 1.
Ni vil bli kommunalsjef
Ni personar har søkt på stillinga til kommunalsjef helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal som går av med pensjon til hausten.
Simon Knutsson Sortland
Sjukefråværet i kommunen ligg høgare enn ønskjeleg, med 9,8 prosent i januar og 10,6 prosent i februar. Fleire einingar har hatt jamn auke sidan hausten 2025, særleg innan helse, sosial og omsorg. Dette skuldast i stor grad langtidsfråvær som påverkar både økonomi og drift. Kommunen jobbar systematisk med HMS, tett oppfølging av sjukemelde og gode risikovurderingar. Ei eiga meldingssak om IA‑arbeidet kjem til neste kommunestyremøte.
Kommunestyret fekk òg informasjon om fleire sentrale leiarendringar. Økonomisjef Jarle Nakken har hatt sin siste ordinære arbeidsdag, men vil hjelpa til fram mot tertialrapport og revidert budsjett. Ny økonomisjef startar rett over påske og trappar gradvis opp til full stilling innan 1. juni. Kommunalsjef for helse og omsorg, Kjell Magnar Mellesdal, har varsla at han går av med pensjon hausten 2026. Kommunen har fått ni søkarar til stillinga.
På investeringssida er fleire prosjekt i gang eller snart klare. Våge skule er inne i tidlege vurderingar av både bygg og vegløysingar. Ombygginga av kjøkkenet ved Bømlo bu- og helsesenter (BBH) blir etter planen overteken 26. mars. Kommunen planlegg òg rehabilitering av omsorgsbustader, nye bustader for personar med låg buevne, samt nytt pasientvarslingsanlegg på BBH. I tillegg pågår det samarbeid om vidare utvikling ved Bømlo omsorgstun.
Kommunestyret har sett av ein million kroner til gjennomgang av den kommunale drifta. Ordførar Morten Helland orienterte kommunestyret om arbeidet som konsulentselskapet PWC skal utføra.
Vidare orienterte han om behov for sommarvikarar i kommunale tenester og om framdrifta i Bømlopakke II. Fylkeskommunen har enno ikkje ny informasjon å leggja fram, men det blir planlagt informasjonsmøte så snart det er noko nytt.
Revisjon, burettslag og brøytepool
Kommunestyret handsama tre interpellasjonar. Christer Agasøster (H) fremja ein interpellasjon om ei uavhengig, ekstern gjennomgang av arbeidet i avdeling for samfunnsutvikling. Målet er å vurdera om saksbehandling, kommunikasjon, skjøn, rutinar og kvalitetssikring er i tråd med lovverk, god forvaltningsskikk og prinsipp for likebehandling og forutsigbarheit. Ein fagleg kvalifisert, ekstern instans skal utføra arbeidet, og kommunedirektøren må leggja fram mandat, kostnadsramme og framdriftsplan. Kommunestyret ønskjer ei kostnadsramme under 100 000 kroner. Kommunestyret stiller seg open til at Kontrollutvalet eventuelt kan gjere ein forvaltningsrevisjon av området. Dette vart vedteke mot ei røyst (Unni Seim - SV).
VI-partiet ved Jan Atle Haugland fekk samrøystes støtte for at kommunestyret ber administrasjonen utarbeida ei sak om etablering av ein digital brøytepool i Bømlo kommune. Saka skal leggjast fram for kommunestyret i god tid før komande vintersesong. Partikollega Joar Nesse fremja interpellasjon om Storavatnet burettslag der han kravde ein grundig gjennomgang av saka mellom burettslaget og kommunen. Det fell med 9 mot 16 røyster. Eit samrøystes fleirtal samla seg om Mari Pedersen Totland (Ap) sitt framlegg om at kommunestyret ber administrasjonen prioritera arbeidet med å finna løysingar i saka kring Storavatnet burettslag.
Arkivopptak kommunetv (beklagar manglande lyd under orienterings- og meldingssakene)