Slik kan me auka tryggleiken og betra livskvaliteten for eldre

God informasjon, gode råd og mykje latter prega medlemsmøtet til Pensjonistforbundet Bømlo, der kommuneoverlegen snakka om trygg medisinbruk og førebygging av sjukdom og fall.

kvinne på scene foran større forsamling - Klikk for stort bileteKommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen orienterte medlemsmøtet i Pensjonistforbundet Bømlo om kva oppgåver som ligg til kommuneoverlegen. Simon Knutsson Sortland

Om lag 80 medlemer møtte opp i Ungdomsheimen då kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen heldt føredrag om helse og aldring. Ho snakka mellom anna om trygg bruk av legemiddel og korleis ein kan førebyggja sjukdom og fall blant eldre.

Vaksinar og førebygging

Mange eldre brukar fleire medisinar samtidig, noko som aukar risikoen for biverknader. Kommuneoverlegen understreka at det er viktig med jamleg legemiddelgjennomgang, og at ein ikkje bør endra medisinbruk utan å rådføra seg med lege.

Endringar i kroppen med alderen påverkar korleis medisinar verkar. Dette gjer det ekstra viktig med trygg medisinbruk. Fall og brot kan få store konsekvensar for livskvaliteten, og førebygging er difor sentralt.

Kommuneoverlegen tilrådde fleire vaksinar for eldre, som influensa-, pneumokokk- og koronavaksine. Ho nemnde også vaksine mot helvetesild for dei over 50 år.

kvinne på scene foran større forsamling - Klikk for stort bileteMedlemane i Pensjonistforbundet Bømlo fekk mange gode tips om god helse av kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen.et Simon Knutsson Sortland

Gode råd for betre helse

Møtet vart avslutta med konkrete råd for betre helse i kvardagen: drikk nok vatn, få i deg D-vitamin og protein, tren både kropp og hjerne, og gjer ting som gjer deg glad.

Leiar Kristine Sele i Pensjonistforbundet Bømlo takka for eit lærerikt møte og uttrykte glede over det gode samarbeidet med kommunen.

Årets gåve

Neste møte i Pensjonsitforbundet Bømlo er adventsmøtet der sokneprest Laila Hansen Røksund og tidlegare kantor Jostein Molde med fleire deltek. Då vert det julesongar og førjulsstemning. Kvart år deler dei ut Årets gåve på denne festen. I fjor var det Bømlo demenskor som fekk gåva på 7.500 kroner.

- Gåva går til tiltak som gjer ein innsats for dei eldre i kommunen, opplyser Sele.