Elevane frå Moster skule vart kommunevinnaren i årets utgåve av Smartare teknologi. I juryen sat Lise Aasheim frå LOS, kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer (t.v). Bak står representantane frå Ungt Entreprenørsjkap Vestland, nestleiar med fagansvar grunnskule Ingrid Kristoffersen og rådgjevar i grunnskule og videregående Karina Kallevåg.
Simon Knutsson Sortland
Skulane har dei siste vekene jobba med SMART‑camp, der elevane skal utvikle løysingar på ei problemstilling gitt av Los Elektro. “Korleis kan LOS Elektro organisere lageret sittpå ein meir effektiv og miljøvenleg måte, slik at mindre ressursar går til spel og meir kan brukast om att, til nytte for både verksemda og lokalsamfunnet?”. Kvar skule kåra sjølv ei gruppe som representerte skulen i kommunekåringa. I år deltok Moster, Hillestveit, Rubbestadneset, Våge og Meling skular.
Imponert jury
I juryen sat Line Aasheim frå LOS, kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og kommunalsjef oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer. Frå Ungt Entreprenørskap Vestland kom nestleiar med fagansvar grunnskule Ingrid Kristoffersen og rådgjevar i grunnskule og videregående Karina Kallevåg.
- Det er veldig spennande kvart år å sjå kva elevane får til utifrå problemstillinga dei har fått. I år hadde alle gruppene jobba veldig godt i lag, og det synte dei også ved god formidling av si løysing, seier jurymedlem og kommunalsjef oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer.
Dei var kreative og laga spennande modellar der noko kunne realiserast innan kort tid medan andre ting ligg litt lenger fram i tid. Mange hadde robotar som del av løysinga si, og det er nok grunn til å tru at innan logistikk treff dei godt med det, meiner Laurhammer.
SMARTare teknologi
SMARTare teknologi er eit undervisningsopplegg for 6. trinn der elevane skal bruka kreativiteten og kunnskapen sin til å løysa reelle utfordringar i samfunnet. Teknologi er verkemiddelet, men målet er gode og berekraftige lokalsamfunn å leva i. Elevane får ei problemstilling frå lokalt arbeids- og næringsliv, og målet er å finna gode, berekraftige og kreative løysingar for framtida. Kanskje kan ikkje løysinga gjennomførast i dag, men om 50 år.
Kva lærer elevane?
Vinnarbidraget frå Smartare Teknologi 2026 i Bømlo kommune.
Simon Knutsson Sortland
Målet med SMARTare teknologi er å trena elevane i å vera nysgjerrige, skapande, kreative og utforskande, og å komma opp med nye løysingsforslag på utfordringar me allereie kjenner. Me vil gi elevane tru på at dei sjølve – og saman – kan skapa løysingar som har verdi for andre.
Gjennom ein styrt kreativ prosess får elevane trening i entreprenørskap: å sjå moglegheiter og gjera noko med dei. I arbeidet får elevane øva ferdigheiter som er viktige i det 21. hundreåret:
- Nyskaping
- Kreativitet
- Samarbeid
- Teknologiforståing
- Kommunikasjon
- Informasjonsforståing
- Initiativtaking
- Leiarskap
- Kritisk tenking
- Sosiale ferdigheiter
- Fleksibilitet
Les meir om Ungt entreprenørskap