Søk barnehageplass innan 1. februar

Søknad om barnehageplass til hovudopptak har frist 1. februar.

barn henger etter snor. Illustrasjonsteikning. - Klikk for stort bilete Illustrasjonsfoto Vigilo.

Plassane som vert fordelt ved hovudopptak er med oppstart frå 15. august. For å ha lovfesta rett til barnehageplass må ein søkja innan fristen 01.02.2026 og følgjande kriteria må vera innfridd:
• Barnet må vera fylt eitt år innan utgangen av november
• Det må vera søkt om plass innan 1. februar
• Barn som fyller eitt år innan august har rett til plass i løpet av august månad
• Barn som fyller eitt år i september, oktober og november har rett til å få plass innan utgang av den månaden dei fyller eitt år.

Retten til plass

Retten til plass er oppfylt når de har fått tildelt plass i ein barnehage i Bømlo kommune. I tillegg til hovudopptaket kan ein søkja barnehageplass heile året. Barnehagane tek då inn born etter kvart som dei har ledig plass. Søknad om barnehageplass vert gjort elektronisk. 

Meir informasjon og lenkje til søknadsskjema