Sommaren blir betre for barna når dei vaksne bruker alkovett

Skal de på hytta, på camping, på båttur eller på besøk til familien i sommar? I så fall er det fint om dei vaksne tek ein prat om alkohol før ferien begynner.

familie med kortspel rundt bord - Klikk for stort bileteTid saman med foreldra er det borna ynskjer mest av alt. Rune Bendiksen

Sommarferien er rett rundt hjørnet. For mange familiar betyr det late morgonar, is, bading, grilling og turar til Espevær eller Brandasund. Det er òg ei tid der mange drikk meir alkohol enn elles: ein øl i solveggen, vin til middagen eller eit glas etter at barna har lagt seg. Då er det viktig å vere bevisst på korleis det påverkar barna.

– Barn legg merke til meir enn vi trur. Dei merkar fort om dei vaksne endrar seg og blir meir uoppmerksame, eller om stemninga endrar seg, seier John Henrik Staveland Sæter, Av-og-til-koordinator i Bømlo kommune. Bømlo er ein Av-og-til-kommune og samarbeider med Av-og-til for å førebyggje skadeleg alkoholbruk.

For mykje alkohol kan skape konflikt

Dei fleste vaksne ønskjer å gi barna ein god sommar. Likevel er det lett å undervurdere kor mykje alkohol kan påverke feriedagane. Det kan handle om tilsynelatande små ting, som at dei vaksne ler litt høgare eller klemmer litt hardare, eller at samtalen rundt bordet får ein annan tone enn barna er vande til.

Det kan òg handle om forholdet mellom foreldra. Mange par gler seg til å ha meir tid saman i ferien. Men dersom den eine drikk meir enn den andre synest er greitt, kan det fort skape irritasjon. Den eine drikk kanskje for å kople av, mens den andre føler seg åleine med barna, planane og ansvaret.

– Alkohol kan bli ei kjelde til konflikt i ferien, særleg dersom dei vaksne har ulike forventingar. Det éin synest er avslappande og hyggjeleg, kan partnaren oppleve heilt annleis, seier Eli Marie Stavlund, konstituert generalsekretær i Av-og-til.

Bli einige om alkohol før ferien tek til

Derfor har Bømlo kommune og Av-og-til eit råd til alle foreldre. Snakk saman om alkohol og bli einige om kva som passar, når det passar, og kvar grensa går.

Ta gjerne med deg desse seks gode råda om barn og alkohol:

• Drikk null, eitt eller maks to glas når du er saman med barn.

• Ha flest dagar utan alkohol.

• Bli einige med andre vaksne om kor mykje alkohol som er greitt.

• Unngå å drikke på ein måte som går ut over planane for morgondagen.

• Ver spesielt bevisst i feriar og høgtider.

• Hugs at barn blir påverka før du blir det.

Me ønskjer alle ein god og trygg sommar!

Vil du lese meir?

Du bur i ein Av-og-til-kommune

Besøk Av-og-til på nett