- Står saman med Ukraina

- De kjempar ikkje berre for dykkar eigen fridom, men også for vår. Bømlo har stått og vil framleis stå saman med Ukraina i denne kampen, helsa ordførar Morten Helland. Det var vel 100 frammøtte på Røde Kors-huset under Solidaritetsmarkeringa for Ukraina på 4-årsdagen til Russland sin fullskalainvasjon 24. februar 2022. 

gruppe mennesker med lys held eit minutt stille - Klikk for stort bileteEit minutt stille for å heidra dei falne i den fire år lange krigen i Ukraina. Simon Knutsson Sortland

- Krigen i Ukraina er ikkje nyhende for oss, det er livet vårt. Takk for at de står saman med oss, sa Yuliia Khilinska, då ho ynskte velkomen. Vinnaren av Bømlo kommune sin Eldsjelpris 2025 var saman med Diana Dimore og xx medarrangør og tolk for kvelden som samla både ukrainarar, bygdafolk og gjester.  Dei frammøtte fekk ei god kveldsstund til å bli opplyste, minnast og reflektera over kva krigen gjer med det ukrainske folk og med lokalsamfunnet vårt.

Dans, refleksjonar og minnestund

Røde Kors-huset var pynta til fest med ukrainsk og norsk flagg, tende lys, eit kamuflasjenett i eit hjørne og bakerst i salen tradisjonell kaffimat frå Ukraina med kaffi og saft til. Det var ein både litt trist men og forventningsfull stemning i salen då kveldens vertskap og tolkar Diana Midore og Nataliia Anichkina helsa velkomen og orienterte om kveldens program. 

Her vart servert ekte vitnesbyrd frå frontlinjene og kvardagen i det krigsråka landet, helsingar og orienteringar om det friviljuge arbeidet og motstandskampen, kulturelle innslag og forbrødring.

Først ut var dansarane Liudmyla Diuhler og Anna Arichkina. med ein koreografi av Anichkina. Deretter kom ti ukrainske flyktningar med kvart sitt lys og med video frå krigen for å heidra sine falne heltar og eitt minutt stille. Det var også song og gitarspel av duoen Vasyl og Tania.

- Frivillig innsats og internasjonal støtte betyr enormt mykje i krigskvardagen for folket i Ukraina, fortalde ei sterkt prega ValentynaKuldonashvili. Ho fortalde om kvardagen i byen Olesjky like utanfor Kherson og delte videoar frå frontlinja. Ho flykta til Noreg saman med mora si Valentyna Marushchynska (89) i september 2023 og vart busette i Bømlo kommune mars 2024.

89-åringen er den eldste ukrainske flyktningen på Bømlo, men er iherdig i sin innsats for å hjelpa sine fire borneborn som er i heimlandet. Ho har handlaga 250 sitjeunderlag til soldatar. For dette og meire til fekk ho ei påskjøning under solidaritetsmarkeringa.

Frivillighetshub på gamle BUS

Det ukrainske felleskapet på Bømlo har etablert ein frivillighetshub på gamle BUS. Her samlast dei for å drive friviljug arbeid for å hjelpa soldatane og sivilbefolkninga i heimlandet. Til no har dei mellom anna fått laga 75 kamuflasjenett i ulike storleikar og fargemønstre som hjelper godt i dronekrigen. Dei har mellom anna sendt avgarde eit stort dieselaggregat, powerbankar, mat, medisiner, klær lys og hygieneartiklar. Dette kallar dei det stille arbeidet som reddar liv. No jobbar mellom anna ingeniøren Oleksandr Denysov med nye smarte løysingar for slippsystem til droner, og eit prosjekt med å produsera FVP dronedetektorar. 

- Me saknar alle våre kjære, og me ynskjer at så mange som mogleg vil overleve krigen. Ikkje minst av barna, sa Khilinska under si orientering om den friviljuge innsatsen. Ho takka særleg Bømlo frivilligsentral og ein del sentrale medhjelparar og for all økonomisk støtte dei har motteke. Det er lett å bli sliten og motlaus, men om innsatsen vår har redda berre eitt liv er det verdt alt!

- Håp er den viktigaste gåva

It-ingeniør Karin Ellis frå Bergen har sidan 2008 hatt nært samarbeid med Ukraina både i jobb og privat. Ho delte sine røynsler frå krigen sett i eit norsk perspektiv, og med særleg fokus på borna og skulane. - Russarane bombar skulane heilt systematisk, for dette er mykje meir enn berre bygningar, understreka Ellis. Det er her folk er vane med å gå til når kriser råkar for mat, husly og anna. 

Ho fortalde om at mange born bur med bestemødrene sine, anten fordi far er i krigen eller foreldra er sakna. Dei kan ikkje gå ut i fare for å bli skotne av droner. Mange av desse borna har aldri vore ute då dei vart født inn i pandemien som vart avløyst av krigen. Med øydelagde skular er det etablert fleire underjordiske skular, men mykje av utdanninga må no skje via nett. Saman med to lokale hjelpeorganisasjonar er Ellis og mannen ofte nede i Ukraina med hjelpesendingar. Dei samlar inn gamle pcar som vert ombygde slik at dei fungerer der nede, og dei ynskjer pc-donasjonar.

- Me støttar Oleksandr sitt arbeid med droner, for dette er ein dronekrig. Likevel føler me at me gjer for lite. Når me delte dette med våre ukrainske venner var svaret at den viktigaste gåva me kan gi dei er håp - at me ser dei og held fram støtta. Difor er det så viktig at Norge og privatpersonar held fram med å støtta Ukraina, oppmoda Ellis.

mann held tale og tolk på sida av - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland understreka at Bømlo framleis står ved Ukraina si side, og at dei kjempar for vår fridom også. Tolk var Yuliia Khilinska. Simon Knutsson Sortland

Lokal støtte

Flyktningetenesta ved Magny Røksund, Miriam K.  Anthun og Diana Dimore orienterte om sitt arbeid frå førebuing til busetjing av flyktningar. Bømlo kommune har sidan krigen starta teke imot 267 personar. Flyktningetenesta har 35 bueiningar prioriterte til flyktningar og har avtale med over 70 private bustadeigarar. Sidan I tillegg til alt det praktiske arbeidet med sosiale tenester, skule, barnehage og vaksenopplæring med meire arrangerer dei ulike aktivitetar som turgrupper og matlaging. 

- De er så driftige folk, og så flinke til å ta vare på kvarandre og ta imot nye landsmenn. De skapar nye møteplassar og fellesskap gjennom dykkar frivillige arbeid, det er inspirerande, meiner flyktningekonsulentane.

- Ukraina vart kasta inn i mørkret, men med dykkar utretteleg innsats for å hjelpa dykkar eigne her i Norge og i Ukraina er de eit lys i mørket som gir inspirasjon til oss alle. Det er ein spesiell grun til at Yuliia fekk kommunen sin Eldsjelpris, for ho symboliserar det som bur i menneske som nektar å gi opp og syner styrken i fellesskapen, sa rektor Kari Friis Sortland ved Bømlo Vaksenopplæring.

- I dag vil me og sjå framover. Med håp. Håp om at krigen skal ta slutt. Håpet om at familiar skal få samlast igjen. At Ukraina blir fritt igjen og at stormaktene respekterer andre statar sitt territorium og demokrati. Det er trua på dette håpet, me står står saman om her i dag. Eg vil at de skal vite at me bømlingar står saman med dykk. Som Norge står saman med Ukraina i kampen mot det russiske angrepet. Om fred og frihet for Ukraina – og for vår felles framtid. Slava Ukraini, helsa ordførar Morten Helland i sin tale.

Sjå også Fire år sidan invasjonen: Slik har Bømlo stått saman med Ukraina
 

Ordføraren si helsing til Solidaritetsmarkeringa for Ukraina

I dag står me samla for å visa støtte og solidaritet. Hjertelig takk for invitasjon til eit flott solidaritetsmarkering, og til alt dåke har laga til i dag.
Det er no fire år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. Ein krig som har ramma millionar, og som framleis pregar kvardagen til menneske både der ute og her heime hos oss.

Eg meiner at ukrainarane står i frontlinja for fridomen i Europa. Om ikkje dei stod i mot ville det vore fritt fram for stormakter å angripe fleire land, fordi dei kan. Ukrainere har vist ein motstandsvilje og mot som Putin og Russland aldri hadde sett for seg.

Det reddar ikkje berre sitt land og sitt folk. Eg meinar dei også står opp for oss – for fridomen vår og demokratiet vårt. Det dei står i, går langt utover grensene til Ukraina.
Krigen har også ført til at mange av dykk har måtte flykte frå landet dykkar.

Då dei første ukrainske familiane kom til Bømlo våren 2022, var både kommune og frivillige klare. Det handla ikkje berre om å ta imot – eg opplever at frå mange bømlingar er det eit ekte «velkommen».

Frivilligsentralen, kyrkja, idrettslaga og mange enkeltpersonar stilte opp gjennom ulike aktivitetar som språkkafé, aktivitetar, praktisk hjelp og sosiale møteplassar.
Og engasjementet stoppa ikkje etter opp, det er fortsatt sterkt.

Mange av dykk som har kome hit, har også bidrege frå første stund. Mange har gått inn i arbeid, utdanning og frivilligheit. Dåke har delt kultur, mat, tradisjonar og musikk. Sånn gjer dåke Bømlo rikare og meir mangfaldig. Ungane og ungdommane dykkar har funne sin plass i skular, idrett og kulturliv. Dåke har lært oss mykje!

Bømlo kommune har jobba målretta med busetjing og integrering. NAV, vaksenopplæringa, barnehagar og skular har samarbeidd tett for å skapa tryggleik og forutsigbarheit. Og me har lytta til dykk: kva fungerer, kva manglar, og korleis me kan bli betre. Dette arbeidet skal me halda fram med.

Frivilligheita er eit lim i lokalsamfunnet, også for integrering. Språkkafé, strikkekveldar, turgrupper, gudstenester, idrettstilbod og dei små møteplassane har vore avgjerande for at folk skal kjenna seg heime.

Noko av det finaste me har sett, er at mange av dei ukrainske innbyggjarane har blitt frivillige sjølv etter kvart.
Når givargleda går begge vegar, blir det kraft i fellesskapet.

I dag vil me og sjå framover. Med håp.
Håp om at krigen skal ta slutt. Håpet om at familiar skal få samlast igjen. At Ukraina blir fritt igjen og at stormaktene respekterer andre statar sitt territorium og demokrati.
Det er trua på dette håpet, me står står saman om her i dag.

Eg vil at de skal vite at me bømlingar står saman med dykk. Som Norge står saman med Ukraina i kampen mot det russiske angrepet.
Om fred og frihet for Ukraina – og for vår felles framtid.

Slava Ukraini!