Startlån – ei trygg hand fordeg over 65

Startlån frå kommunen kan hjelpe deg som er 65 år eller eldre med å få ein trygg og føreseieleg bustadsituasjon – spesielt dersom vanleg bank seier nei. Når livet endrar seg, kan bustaden gjere det same. Kanskje treng du ein heim som er lettare å bu i, mindre vedlikehald eller ei økonomisk løysing som gir større ro i kvardagen.

dame med søknadspapir ser draumebustaden for seg - Klikk for stort bileteSøk om startlån for å få deg eit enkelt, lettstelt lite hus. Kunstig intelligens

Startlån kan gi støtte til kjøp av ein meirtilpassa og lettstelt bustad, refinansiering slik at du kan bli buande der du trivst, og nødvendige tilpassingar som gjer at du kan bu heime lenger. Ordninga er behovsprøvd. Kommunen vurderer både økonomi, bustadbehov og kva som skal til for at du skal ha ein stabil heim i åra framover.

Startlån passar for deg som er over 65 år,har utfordringar med å få lån i vanleg bank og treng ein trygg og eigna bustad for framtida.

Kvifor velje Startlån?

  • Gunstige vilkår
  • Lang nedbetalingstid
  • God rådgiving og tett oppfølging

Vil du vite meir?

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om moglegheitene dine med John Helge Møgster - e-post: jhm@bomlo.kommune.no

Kontaktinformasjon Bømlo kommune:
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon: 53 42 30 00

På døra veke 18 (PDF, 3 MB)

Om prosjektet På døra

Tema i veke 18 i informasjonsskrivet På døra er startlån for eldre. På døra vert av postboda levert ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.