Statsforvaltaren vitja Bømlo

Onsdag var landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestland på besøk på Bømlo for å skaffa seg eit oversyn på kva som er bra og kva som er utfordringane i landbruket her.  

mann syner fram vareprøve - Klikk for stort bileteJan Sigve Særsten i SnillBonde på orienterte om Snill Bie og drifta av garden på Rubbestad. Bastian Edi Hoffmann

Rådgjevar landbruk Berit Hallaråker møtte gjestene frå Statsforvaltaren der første stoppestad var Rubbestad og besøk hos Jan Sigve Særsten som driv Snill bie, ein gard med mangfaldig aktivitet. Besøket var del av ein tre dagars turne gjennom Etne, Sveio, Fitjar og Bømlo.

Etter besøket på på Rubbestad gjekk turen til Kulleseid gjestehamn der ordførar Morten Helland og kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland tok imot. Ordføraren ynskte dei velkomen til Bømlo og hadde ein kort presentasjon av kommunen. Hallaråker fortalde deretter litt om landbruket på Bømlo, mellom anna om utfordringsbilete og særtrekk ved vårt landbruk. Ordføraren avslutta med litt informasjon om prosessen rundt arbeidet med kommuneplanen sin arealdel.

- Besøket vart avslutta med lunsj i gjestehamna, inkludert gode samtalar og diskusjonar rundt borda. Kommunen set stor pris på at Statsforvaltaren legg turen innom Bømlo når dei er ute på “Bli kjent”-tur, seier kommunalsjef Stavland.

mann presenter i maritimt prega sal for mykje publikum - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland fortel landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren om Bømlo kommune. Bastian Edi Hoffmann