Ordførar Morten Helland (t.v) overrekte provet på at Steinsbø Hus AS er ei Miljøfyrtårnverksemd til dagleg leiar Hans Magne Stokka, miljøfyrtårnansvarleg Simen Mæland og kontormedarbeidar Marianne Engen Steinsvåg.
Simon Knutsson Sortland
- Å dokumentera alt er det mest krevjande, men me har kunna lent oss litt på XL-Bygg Steinsbø som vart miljøsertifisert i 2023, fortel teknisk sjef og ansvarleg for Miljøfyrtårnarbeidet Simen Mæland i Blink Hus Steinsbø AS. Det me har fokus på er å halda orden på byggjeplassar med sortering av boss, transport og gjenbruk av material. Det kjem nok og krav til oss om miljøvennlige bilar på sikt.
- Det gjekk greitt å bli sertifisert, men det er no jobben byrjar. No må tankegangen setjast ut i livet og bli ein del av arbeidskvardagen til våre tilsette ute i felten og her på kontora, understrekar dagleg leiar Hans Magne Stokka. I stadig fleire anbod vert det stilt krav om miljøsertifisering, også frå kommunen, så det er sjølvsagt ein motivasjonsfaktor. Kjeda vår jobbar også for at flest mogleg av verksemdene vert miljøfyrtårnsertifisert, fortel Stokka.
Fleire av dei tilsette var med på markeringa og synte at det er stor bevisstheit rundt Miljøfyrtårn-ordninga i Steinsbø Hus.
Lær meir om Miljøfyrtårn-ordninga