Stor dag på Moster

Ei sårt etterlengta vegutbetring vart feira på Moster måndag 15. september. Ordførar og fylkesordførar stod for den offisielle opninga av fylkesveg 542 Notland-Mosterhamn godt hjulpen av elevar frå Moster skule, Moster skulekorps og born frå Breiflabben barnehage.

to menn med ordførarkjede og born klipper snor - Klikk for stort bileteBreiflabben barnehage og elevar frå Moster skule hjalp til då fylkesordførar Jon Askeland (t.v) og ordførar Morten Helland klyppa snora under offisiell opning av fylkesveg 542 Notland-Mosterhamn. Anita L. Williams-Vestland fylkeskommune

Fylkesveg 542 Notland-Mosterhamn er etter 44 000 arbeidstimar oppgradert med blant anna gang- og sykkelveg, vegbelysning på heile strekket og betre kurvatur. Dette gir ein tryggare kvardag til skule, arbeid og fritidsaktivitetar.  Spesielt «Salemssvingen» har vore eit skummelt parti for mjuke trafikantar då svingen var uoversiktleg og vegen var smal. No går den nye vegen forbi dette partiet, med ein ny flott gang- og sykkelveg.

Fin inngang og trygg veg

Moster skulekorps, elevar frå Moster skule og born frå Breiflabben barnehage var saman med representantar frå Vestland fylkeskommune, Statens vegvesen, entreprenør og Bømlo kommune då fylkesordførar Jon Askeland og ordførar Morten Helland skar over snora og offisielt opna vegen.

Fylkesordførar Jon Askeland nytta opninga til å hylla Bømlo som ein føregangskommune innan samferdsle. – Ingen andre kommunar i Vestland har gjort ein så omfattande innsats på eiga hand. Med kloke val og modige vedtak har dei kopla grendene saman og gitt størstedelen av kommunen betre veg. 

På sin Facebook-profil skriv fylkesordføraren: Etterlengta ny veg Notlandsvåg-Mosterhamn vart opna i dag, sjølvsagt til ellevill jubel frå dei unge- dei som skal bruka vegen lengst! No er det samanhengande gang- og sykkelveg frå Moster til Bremnes og god bilveg også! Bømlo har skaffa seg dei beste vegsystema i heile fylket, på grunn av Bømlopakken, som no nærmar seg fullføring. Gratulerer til driftige folk! Og andre kan sjå til Bømlo korleis dei har fått til ei flott samfunnsutvikling.

- Eg vil først og fremst retta ein takk til Vestland fylke for godt samarbeid om Bømlopakken generelt og for prosjektet her på Moster. Det er det nest siste av hovudprosjekta i Bømlopakken, som når alle er ferdig vil gje topp oppdatert hovudstruktur på fylkesvegnettet, saman med oppgradert straumnett og vatn og avlaup, og overvatn, helsa ordførar Morten Helland i sin opningstale.

mann under telt talar i regnver - Klikk for stort bileteMoster skulekorps og Breiflabben barnehage deltok under vegopninga Notland-Mosterhamn med fylkesordførar Jon Askeland. Anita L. Williams-Vestland fylkeskommune

Han påpeika vidare som «mostring» at dette prosjektet har vore venta på lenge, spesielt for dei som bur nedanfor nye vegen, i Mosterhamn. Her har vore ein trafikkfarleg veg for gåande og syklande altfor lenge. No blir det trygg veg, og ein fin inngang til vårt lille sentrum. Og så er det eit flott utsyn når ein kjem over toppen her på Notland, la ordføraren til.

Auka næringsaktivitet

Han la vekt på at det passar svært godt med at det er kome ny veg på plass med tanke på den auka aktiviteten i næringsområdet på Serklau framover. Han la til at det er greitt med skikkeleg veg heilt til eit anna felles prosjekt kommunen har med Vestland fylkeskommune i Moster Amfi. Gamlakyrkja og området rundt er kanskje det mest historisk viktige området på Bømlo med stor nasjonal verdi.

- Igjen ein stor takk til Vestland fylkeskommune, til prosjektleiing og til entreprenøren Vassbakk og Stol, for passe smidighet, også når prosjektet av ulike årsakar tok litt lengre tid. Og til oss alle: gratulera med ny veg, det gir rom for vekst og utvikling, sa ein nøgd ordførar.

Arbeidet har møtt utfordringar

- Den nye vegen er no ferdig, med nesten 800 meter ny køyrebane og gang- og sykkelveg som gir eit tryggare tilbod for alle trafikantar. Prosjektet, som har vore ein del av Bømlo-pakke 2, inkluderer også nytt avløpssystem, miljøgate og moderne veglys. Arbeidet har møtt utfordringar, blant anna med kvikkleire, men er no trygt fundamentert. Vegprosjektet er finansiert gjennom bompengar, med ein kostnadsramme på nær 100 millionar kroner. Hovudentreprenør har vore Vassbakk og Stol, og fylket overtek vegen i september 2025, sa direktør for infrastruktur og veg Dina Lefdal i Vestland fylkeskommune der ho også rosa samarbeidet med prosjektleiarar og anleggsleiar. Det er prosjektleiar i Vassbakk og Stol, Øyvind Staupe, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune, Jon Nordseth Nesse og anleggsleiar Kristoffer Hamre.

Byggeleiar Arvid Steinsland i fylkeskommunen er også godt nøgd med resultatet av det nye veganlegget. – Det har vore ein fin prosess sjølv om me fekk litt forseinking, seier han. Me veit det har vore utfordringar med støv og skit, men håpar alle er fornøgde no, sa Steinsland då han takka lokalsamfunnet for tolmodet.

Sjå bilete og film frå arbeidet med Bømlopakken

oppgradert vegstrekk - Klikk for stort bileteFylkesveg 542 Notland-Mosterhamn etter oppgraderinga. Vestland fylkeskommune vegstrekk før oppgradering - Klikk for stort bileteFylkesveg 542 Notland-Mosterhamn før oppgraderinga. Vestland fylkeskommune