Anne Margrethe Eidesvik (midten) var interessert i å høyra om planane for Bømlo omsorgstun. Her i samtale med verksemdsleiar Reidun R. Sortland (t.v) i verksemdskontoret og påtroppande kommunalsjef for helse og omsorg Monica Smedsrud.
Simon Knutsson Sortland
Anne Margrethe Eidesvik var ei av svært mange som tok turen på open dag på Bømlo omsorgstun i regi av Langevåg i Vekst og Bømlo kommune onsdag ettermiddag. Arrangementet synte at samarbeidet for å skapa nytt liv på omsorgstunet har fått ein god start.
Optimismen tilbake
Ruth Berny Lønning strålte som ei sol, som elles var noko fråverande, der ho tok imot stadig fleire sambygdingar og andre interesserte som kom på omvising. Leiaren av Bømlo eldreråd kom etter kvart ut av teljinga, men ho fekk gitt dei eit informasjonsark og nokre oppmuntrande ord på veg inn i den tidlegare sjukeheimen.
Store moglegheiter
Etter ein fellesrunde på omsorgstunet for å sjå på yoga, fellesrom og leilegheiter, ein ny tur innom vaffelbordet og ein ekstra kopp kaffi, gjekk turen innom rommet der samarbeidspartnarane Langevåg i Vekst og Bømlo kommune presenterte framtidsplanane for bygget og området rundt.
– Saman ønskjer me å skapa meir liv og aktivitet på omsorgstunet her og no, samstundes som me utforskar nye idéar og moglegheiter for framtida. Målet er at Bømlo omsorgstun skal vera ein attraktiv stad å bu, ein god møteplass og ein ressurs for lokalsamfunnet, seier leiar Aslaug Tveit i Langevåg i Vekst.
Saman med rådgjevar for folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen i Bømlo kommune inviterte ho dei besøkjande til å koma med tips og idear til både tiltak og aktivitetar. Dei ønskjer også å få med frivillige som vil gjera ein innsats. Det var allereie kome eit par gule lappar på idéplansjane.
Sterke kjensler og framtidshåp
Til trass for eit noko mørkt bakteppe og kjenslene etter nedlegginga, var det likevel optimisme å spora, skal ein dømma etter samtalane og kommentarane som fall i fellesstovene attåt herlege vaflar og lappar.
Fleire eldre snakka varmt om omsorgsbustadene og leilegheitene, og fleire nemnde at dei kunne vera interesserte i ei slik løysing.
– Me veit at nedlegginga av sjukeheimsdrifta skapte stort engasjement og sterke kjensler i lokalsamfunnet. Samstundes gir dagens situasjon oss ei moglegheit til å tenkja nytt. Me ønskjer å sjå framover og utvikla omsorgstunet på ein måte som kjem både bebuarar og lokalsamfunnet til gode, seier Tveit.
Open dag
Rådgjevar folkehelse og frivillighet Johanne Kristiansen (t.v) i Bømlo kommune og dagleg leiar Aslaug Tveit orienterte om samarbeidet sitt for å skapa nytt liv i lokala til Bømlo omsorgstun.
Simon Knutsson Sortland
Målet med den opne dagen var å syna fram dei ledige omsorgsbustadene og gje bygdafolket høve til å bli betre kjende med tilboda som finst i dag.
Gjennom ettermiddagen var det omvising, informasjon, kaffi, gode samtalar og ein open idéverkstad der alle innspel var velkomne. Særleg ønskjer samarbeidspartnarane å samla inn tankar og idéar om vegen vidare og kva som skal til for å skapa endå meir liv, aktivitet og fellesskap på omsorgstunet.
Arrangementet var ope for alle på heile Bømlo. Arrangørane fekk innfridd håpet om at naboar, pårørande, framtidige bebuarar, frivillige og andre interesserte tok turen innom for å sjå og læra.