Store utvidingsplanar på Serklau

Moster Eiendom AS og Scale AQ vil dobla arealet sitt til 80 000 rutemeter på Serklau industriområde som inkluderer eigen dokk for konstruksjon av fôrflåtar til oppdrettsnæringa. Planane vart presentert for bygdafolket på eit informasjonsmøte tysdag kveld. 

mykje folk samla i møterom - Klikk for stort bileteGodt oppmøte på informasjonsmøtet i administrasjonsbygget til Scale AQ på Serklau industriområde. Simon Knutsson Sortland

- Den utløysande faktoren for oss er å få høve til å ha hand om produksjon av betongflåtar, opplyser prosjektdirektør Alf Eidsvik i Scale AQ. Me har ein plasskrevjande produksjon og lagringsplassen her på Serklau er sprengt. Moster vil vere ein av våre tre industrihubar i Norge kor me totalt har 400 av våre vel 900 tilsette på verdsbasis. Av desse er 150 lokalisert i sør - som er Bergen, Haugesund og Bømlo. Me planlegg for vekst og nyttar lokale underleverandørar, så me er glade for å allereie ha signert kontraktar med Moster Elektro og Norgeshus Bømlo, sa Eidsvik. 

Moster er perfekt plassert i høve deira kundemasse og skal bli visningssenter for produktbreidda innan oppdrett som er “alt utanom sjølve fisken”. Infrastrukturen og god tilgang til leverandørindustrien, samt at Serklau er eit flott anlegg for utviding gjer at verksemda skal styrka eksisterande base på Bømlo. Målet er å få ein full verdikjede med eigen dokk på Serklau. 

Det er også mogleg at Scale AQ si resirkuleringsverksemd, samt planlagde produksjon av landanlegg for oppdrett vert flytta til Moster. - Me har hatt eit godt samarbeid med Bømlo kommune, og det er svært viktig, understreka Eidsvik. Han lova også at utvidingsplanane ikkje vil medføra meir støynivå eller luftforureining enn dagens drift. 

Doblar arealet

mann orienterer med plansje på skjerm i bakgrunnen - Klikk for stort bileteProsjektleiar Martin Laurhammer frå Moster Eiendom orienterer om utvidingsplanane på Serklau industriområde og Scale AQ her representert ved prosjektdirektør Alf Eidsvik (t.h) og lokasjonsmanager Ståle Ytrøy (t.v). Simon Knutsson Sortland

Detaljreguleringsplan for Serklau industriområde gnr. 20 bnr. 12, 79 m.fl., Mosterhamn, PlanID 202108 er ein kommunal plan, som er utarbeida av ABO plan & arkitektur. Planforslaget var på høyring og offentleg ettersyn i perioden 14.06.25-18.08.25. Det kom inn 8 merknadar, og planforslaget er no endra. Som følgje av endringane skal planforslaget på ei avgrensa høyring i fire veker til grunneigarane i planområde og berørte mynder. Det er utval for areal og samferdsel som sender planforslaget på høyring, og saka skal behandlast 1. oktober. Det er ynskjeleg med vedtak av reguleringsplanen før jul.

Prosjektleiar for Moster Eiendom, Martin Laurhammer, orienterte om detaljane og føresetnadane i utvidingsplanane. - Me skal utvida frå 40 til 80 dekar. Massebalansen er viktig, slik at all steinmasse ved planeringa vil bli brukt til fylling i sjø. Entreprenør blir BG Vest (tidlegare Landmark maskin). Reguleringsplanen må bli godkjend, Statsforvaltaren må gje løyve til utfylling og me må få kjøpa omlag 10 dekar frå Bømlo kommune, sier Laurhammer. Å få plass til eigen dokk er heilt avgjerande.

- Serklau er hovudbasen for Bremnes Seashore sjø kor me har service og vedlikehald av utstyr og båtar. Scale AQ er ein viktig leverandør for oss, opplyste teknisk leiar Eivind Sæverud. 

Viktig med balanse

mann presenterer planar føre storskjerm - Klikk for stort bileteKommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og rådgjevar plan Rakel Friis orienterte om status og planprosessen i kommunen. Simon Knutsson Sortland

- Dette er grådig kjekt å sjå at næringsområdet på Serklau er i ferd med å vekse seg stort med mange nnye arbeidsplassar. Her er jo også Aasen Shipping som er eit stort og viktig reiarlag i kommunen., sa kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter då han ynskte velkomen til informasjonsmøtet. Han tok for seg kort om historikken, planane og prosessen vidare.

- Det er også spennande utvikling som skjer i Hovlandshagen, og i Rubbestadneset må også større områder planerast for å få vidare utvikling. Næringsinteresser og samfunnsutvikling vegast opp mot natur- og friluftsinteresser, men det er viktig å finna ein god balanse her. Difor trur eg det er betre å skapa ny aktivitet og utvikla dei industriområda me har. Å få fram nye industriområder trur eg vert eit lengre arbeid, meiner kommunedirektøren.

Naboar stilte spørsmål om støy- og lysureining, samt forureining i sjø. - Reguleringsplanen har teke høgd for tøy- og lysureining. Reguleringsplanen har teke høgd for støy- og lysureining. Samla støybelastning frå verksemd i planområdet skal ikkje overskrida grenseverdiar gjeve i Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging T-1442 og ved arbeid på kveld- og nattetid skal verksemdene sikre at lys frå arbeid/aktivitet/båtar innanfor området ikkje medfører vesentlege negative konsekvensar for naboar eller anna næringsverksemd i området, opplyste rådgjevar Rakel Friis på Arealplan. Innspelet om å få på plass eit system for å takla ureining i sjø vart teke godt imot og blir med vidare i prosessen.

industriområde ved sjø - Klikk for stort bileteBehov for meir produksjons- og lagerplass på Serklau industriområde. Scale AQ