Storfint besøk til 40-åring

Rubbestadneset skule feira 40 årsjubileum med besøk av sjølvaste kunnskapsministeren vår,  Kari Nessa Nordtun. - Veldig bra. Det er viktig å ta seg tid til å feira dette jubileet, sa ho imponert etter miniversjonen av jubileumsshowet med alle elevane i gymsalen.

- Me er 180 elevar ved Rubbestadneset skule, og det krev mykje å laga til eit slikt show. Heldigvis har me flinke vaksne som gir elevane god hjelp, sa rektor Tone Baugstø mellom anna i helsinga si. Ho kunne også avsløra at det er 7. klasse med hjelp av lærar Monica Vold Larsen som står bak det flotte designet på strikkagenserane dei fleset lærarane hadde på seg for dette spesielle høvet.

Elevane inviterte til open dag måndagen og torsdag hadde dei to fullsette førestellingar av jubileumsshopwet sitt i Rubbhallen. Saman med kunnskapsministeren var også ordførar Morten Helland, kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunnn Laurhammer. Dei fekk sjå ei flott framføring av Bobbysocks sin Grand Prix-vinnarlåt  frå 1985 “La det swinge”. Elevane Vilja Mjånes Larsen (6. klasse) Gelila Fetzum Sebhatun (5. klasse) og Linnea Dahl Larsen (7. klasse) gav ei kort historisk oversikt om 40-årsjubilanten. Elevane hadde også fleire allsongar mellom anna «Fager kveldssol smiler». Gymsalen var elles pynta med elevarbeid og klassebileter frå ulike årstal gjennom desse 40 åra.

Bømlo-modellen

Nessa Nordtun har sine anar frå Sønstabø, og er soleis godt kjend med Bømlo. Ho var på vitjing etter invitasjon frå Utdanningsforbundet Bømlo, og var innom Kunnskapssmia i Rubbestadneset der ho deltok på medlemsmøtet til Bømlo Arbeidarparti  før ho avrunda som gjest på årsmøtet til Utdanningsforbundet Bømlo.

- Eg er svært nøgd med å sjå at søkjartala til yrkesfag tek seg opp og at fleire ungdomar no kjem seg raskare ut i arbeidslivet. Særleg imponerande er Bømlo-modellen med samarbeid skule og næringsliv. Her investerer næringslivet i ungdomen, og det er avgjerande i kampen om kompetansen framover, meiner kunnskapsministeren. Ho fekk omvising og møta elevar frå Bømlo vidaregåande skule der også fylkesordførar Jon Askeland var tilstades. I tillegg til å få omvising fekk ho møte med både “Løp for livet”-komiteen og Bømlo ungdomsråd.