Storstilt beredskapsøving på sjø

M/S Sunnhordland sender ut nødsignal då det har teke fyr i veteranskipet som har 57 personar ombord. Det vert kalla inn assistanse frå redningshelikopter, redningsselskapet og brannbåten til Bømlo brann og redning under øvinga på Vikafluno i midten av april.

brannbåt ved havarist som lårar redningsflåte - Klikk for stort bileteRedningsflåten vert låra frå MS Sunhordland med brannbåten Spleis frå Bømlo brann og redning klar til å assistera. Simon Knutsson Sortland

Det er grått og litt vind på ein ganske roleg sjø på Vikafluno like utanfor Leirvik denne tysdagen då veteranskipet M/S Sunnhordland “oppdagar brann om bord”. Kapteinen sender ut May day-varsling og store redningsstyrker vert aktivert. Havaristen har 57 personar ombord inkludert mannskapet. Det er elevar frå Stord folkehøgskule som fekk jobben som markørar. I alt var omlag 100 personar med på øvinga.

Helikopterløft

Hovudredningsentralen på Sola sender ut eit SAR Queen redningshelikopter. Frå Leirvik rykkjer redningsskøyta RS Sundt ut og Bømlo brann og redning rykkjer ut med brannbåten Spleis og eit mannskap på 5 . 

Det er Redningsselskapet som har regien på øvinga. Under debriefen ville øvingsleiar Are Henrik Stefanussen ha ein gjennom gang av varsling, samband, evakuering og røydykking. Kva var dei største utfordringane og kva læringspunkt kan me ta med oss frå denne øvinga var spørsmålet han stilte alle mannskapa som deltok. Redningsselskapet hadde også tre observatører med under øvinga.

-  Mitt hovudinntrykk var at dette var lærerikt og gøy, og de var alle gode til å spele spelet slik at me fekk ei god og nyttig øving, konkluderte Stefanussen.

Ynskjer stor felles redningsøving

- Klart det var litt forvirrande når me måtte følgja med på tre samband samstundes og hadde vispen over hovudet, men det var veldig lærerikt, konkluderte brannsjef Ove Halleraker. Han var klar på at Bømlo stiller på fleire slike øvingar, og at det bør arrangerast ei større beredskapsøving til sjø. Halleraker nemnde til dømes ei hending på eit cruiseskip der fleire kommunar sine blålysetatar og beredskapsorganisasjonar vert aktiverte. Her kan ein mellom anna få trena seg på både samhandling og evakueringsrutinar .