Strengare samordna praksis for å gje parkeringsløyve

Har du parkeringsløyve for rørslehemma i dag, er det ikkje sikkert du får nytt løyve når perioden går ut. 

elbilar til lading - Klikk for stort bileteParkeringsplassar for rørslehemma ved rådhuset på Svortland. Simon Knutsson Sortland

Etter nye nasjonale retningslinjer for saksbehandlinga og likare behandling av saker mellom kommunane, har Bømlo saman med dei andre kommunane i Sunnhordland og Rogaland måtta samordna praksisen for å vurdera søknadar om parkeringsløyve for rørslehemma.

Bømlo kommune har tidlegare vurdert søknadar om parkeringsløyve for rørslehemma meir romsleg enn det forskrifta legg opp til. Etter fleire tilbakemeldingar frå sjukehus, legekontor og andre institusjonar om aukande problem med å finna ledige parkeringsplassar for rørslehemma, har kommunane i vår region samordna og strama inn sin praksis for å utsteda parkeringsløyve til rørslehemma.

Det er eit avgrensa tal parkeringsplassar sett av til rørslehemma. Når fleire då får parkeringsløyve enn ordninga er meint for, blir det vanskelegare å finna ledige plassar ved sjukehus, legekontor og andre stader for dei som oppfyller alle krava i forskrifta. 

Klagerett på avslag

For å få løyve som førar eller passasjer må du dokumentera at du har store vanskar med å gå eller har eit særleg behov for å parkera nær bestemte stader. Søkjer du som passasjer må du i tillegg dokumentera at du treng regelmessig hjelp av føraren utanfor bilen.

Tidlegare løyve gir ikkje automatisk rett til nytt løyve. Får du avslag, kan du klaga på vedtaket. Klagen vert handsama av kommunal klagenemnd.

Her finn du informasjon om og søknadsskjema for parkeringsløyve for rørslehemma