Nytt snøfall onsdag morgon skapte ekstra arbeid for Bømlo heimeteneste og teknisk drift.
Bømlo heimeteneste
Verksemdsleiar Hilde Markhus i Bømlo heimetenester har samla fem av medarbeidarane sine for å fortelja om korleis snøfallet i helga og denne veka har påverka det viktige samfunnsoppdraget deira. Me hutrar oss forbi ein snørydda parkeringsplass ved Bømlo bu- og helsesenter og inn i varmen i Den grøne stova i Trivselshuset. Her sit avdelingsleiarane May Linn Kloven Bortne og Inger Lise Agasøster, og helsefagarbeidarane Therese Halleraker, Malene Skimmeland og Lars Magne Ådnanes.
Kom veldig overraskande
– Det var varsla store snømengder i helga. Sjølv var eg på veg til Kristiansand, men me fekk sendt ut ei melding på internkanalen Viva. Alle tilsette i heimetenesta vart minna på å sjekka vinterberedskapskassen som ligg i kvar tenestebil, seier Markhus.
Dei vart likevel overraska over snømengda som kom. Det kom 30–50 centimeter snø i løpet av natta til laurdag, og det meste vart innesnødd. Einaste unntaket var bilane til nattevaktene då dei tilsette skulle ut i åttetida laurdag morgon, fortel avdelingsleiar i sone Aust, Inger Lise Agasøster.
– Dei første utfordringane var å komma seg på jobb. Deretter måtte dei komma seg fram til el‑tenestebilane som stod nedsnødde på parkeringsplassen. Kvar skal dei som ryddar plassen gjera av all snøen når alle bilane står i vegen? Då måtte dei tilsette spa ut bilane og gjera ein tung og våt jobb før dei kunne starta på sjølve arbeidet, seier ho.
Tøffe prioriteringar
– Me er jo ikkje utstyrte verken for slikt vêr eller snørydding, og me skal eigentleg venta til alt er klart før me køyrer ut. Men me vil jo hjelpa brukarane våre. Laurdag var det heilt umogleg, og dei tilsette måtte gjera harde prioriteringar, understrekar Markhus.
– Når me kjem på jobb, må me ofte ta tøffe prioriteringar, seier helsefagarbeidar Therese Halleraker. Kven treng hjelp, og kven kan me hoppa over? Då må me ringa brukar eller pårørande for å fortelja om forseinkingar eller at me ikkje kan komma.
– Folk har synt stor forståing, og det er klart me stør opp om dei som er ute i felten, seier Agasøster.
– Sjølvsagt skjer dette i helga. I fjor kom også store snømengder på ein laurdag. No kom det på natt, og då er tilsette enno meir åleine. Heldigvis har me fått nokre firehjulstrekte bilar til nattpatruljen, noko me ikkje hadde i fjor, legg Markhus til. Me må tenkja budsjett heile vegen, men å oppgradera bilparken er heilt naudsynt.
– I vinterberedskapskassen ligg det broddar, men eg kan ikkje bruka standardstorleik 39, ler helsefagarbeidar Lars Magne Ådnanes. Han har skaffa seg eigne broddar og fekk tilsendt fleire snappar frå nattevakta om snømengdene og arbeidet med å spa fram bilane.
Ingen klager
– Å få besøk av heimetenesta er eit høgdepunkt for mange av brukarane våre som ikkje har så mange rundt seg. Det er klart me strekkjer oss så langt me kan for å halda klokka, seier avdelingsleiar i sone Sentrum, May Linn Kloven Bortne.
– Me føler me er viktige, sjølv om me ikkje er 113, seier verksemdsleiaren. Ho minner om at også dei må tenkja eigen tryggleik først, slik andre beredskapsarbeidarar må.
Onsdag morgon var det på an igjen etter endå meir snøfall.