Strøsand til eldre og uføre

Eldre personar er særskilt utsette for fall på glatt føre, og uhell kan skje like utanfor heimen. Strøsand til eldre og uføre er eit enkelt førebyggjande tiltak. Bømlo kommune tilbyr denne gruppa gratis strøsand med hentestad Hollundsdalen, Teiglandshagen og Joker Finnås.

eldre mann henter strøsand og fyller i bøtte - Klikk for stort bileteKommunen tilbyr gratis strøsand til eldre. KI generert

I Bømlo kommune finn ein strøsand på desse punkta: 
       • I Hollundsdalen 59, teknisk driftsbygg frå kl. 07:00-15:00 (man-fred) 
       • Ved Teiglandshagen i ein strøkasse på parkeringsplassen 
       • Joker butikken på Finnås, på parkeringsplassen
Ein kan og hente strøsand i strøkassar langs etter kommunal veg.

Dei som hentar strøsand må ha med seg bøtte.

Gje ei handsrekning

Tenk gjerne på familie, vener og naboer gjennom vinteren. Har du moglegheit til å strø sand eller brøyte inngangspartiet til nokon som ikkje klarar dette sjølve er dette ei gåve som enkelt gledar.  

- Teknisk drift har diverre ikkje kapasitet til å køyre ut på bestilling, så dette er det me tilbyr denne gruppa, seier kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland.

Sjå også Vegvedlikehald og vinterberedskap