Stygt ulukkesår i trafikken

Så langt i 2025 har 99 menneske mista livet på norske vegar, viser førebelse tal frå Statens vegvesen. Ni av dødsulukkene skjedde i oktober åleine. Det er 21 fleire enn på same tid i fjor, og utviklinga går feil veg.

bil velta lang veg - Klikk for stort bileteUng sjåfør mista kontrollen på bilen og hamna på sjukehus. Skjermdump Bømlo-nytt

Vestland fylke har registrert 16 trafikkdrepne hittil i år. Fleirtalet av ulukkene skjedde i sommarmånadane, og mange av dei omkomne var ubeskytta trafikkantar – fotgjengarar, syklistar og MC-førarar. Berre fem av ulukkene involverte personbil, går det fram av ei pressemelding frå Statens vegvesen.

– Me må meir enn ti år tilbake for å finna eit like dramatisk år for trafikken i Vestland, seier Guro Ranes, avdelingsdirektør for trafikksikkerheit i Statens vegvesen.

Uroa for unge sjåførar

Statens vegvesen peikar på at høg fart er den vanlegaste årsaka i dødsulukker med unge sjåførar. Seks av dei som omkom i ulukker med fleire drepne var berre 18 år gamle.

– Dei manglar erfaring og evna til risikovurdering, understrekar Ranes.

Tiltak for å snu utviklinga

I forslag til statsbudsjettet er det sett av 40 millionar kroner ekstra til fotoboksar. Erfaring viser at automatisk fartsmåling kan halvera talet på drepne og hardt skadde på strekningar der det blir innført.

– Det er ei trist utvikling i 2025, og me arbeider med å identifisere nye tiltak som kan redde liv i trafikken og bringa oss nærare nullvisjonen, seier Ranes.

Bømlo er sertifisert som ein Trafikksikker kommune som betyr at me jobbar systematisk for å auka trafikktryggleiken i kommunen.

Kva kan du gjere?

•    Hald fartsgrensa og køyr etter forholda
•    Bruk refleks og ver synleg
•    Unngå rus når du skal køyre
•    Snakk med ungdom om risiko og ansvar