Bømlo kommunestyre vedtok budsjett og økonomiplan 2026-2029.
Skjermdump kommunetv
Totalbudsjettet for 2026 ligg tett opp til 1,1 milliardar kroner. Dei politiske endringane (H/KrF/Ap-framlegget) flyttar på inntekter og utgifter innanfor ramma, men endrar ikkje storleiken på totalbudsjettet. I det vedtekne budsjettet blir eigedomsskatten på bustader og fritidsbustader sett til 3,2 promille. For næringseigedom og ubebygde tomter blir satsen 5 promille. Det betyr at dei fleste husstandar vil betala litt mindre eigedomsskatt enn i kommunedirektøren sitt framlegg. Framlegget frå SV ville gitt høgare eigedomsskatt enn begge dei to andre.
Sjå arkivopptak frå budsjettmøtet 8.12.2026 på kommunetv
Styrkar Teiglandshagen og heimetenesta
Fleirtalet vedtok fleire tiltak for å styrkja helse- og omsorgstenestene:
• 2 millionar kroner til å styrkja nattstilling ved Teiglandshagen
• 1 million kroner ekstra til heimebaserte tenester
• 1 million kroner til ekstern gjennomgang av drifta i kommunen, blant anna innan helse og omsorg
Målet er både å styrkja tenestene no og å få betre oversikt over korleis kommunen brukar pengane. Her ligg og inne ein halv million kroner til skulebøker
Møteinnkalling og protokoll kommunestyremøte 08.12.2026
Kutt i oppvekst, kultur og IKT
For å få budsjettet til å gå opp, ligg det òg inne nye innsparingar:
• 3 millionar kroner i kutt på sektoren «Oppvekst, kultur og idrett»
• 1 million kroner mindre til styrking av IKT
I tillegg ber kommunestyret om ein ny «tiltakspakke» og fleire vurderingar av drifta framover for å finne fleire moglege innsparingar.
Kort om dei andre framlegga
• Kommunedirektøren foreslo eit budsjett utan dei ekstra styrkingane som fleirtalet no har lagt inn, og med høgare eigedomsskatt enn det som vart vedteke.
• SV ønskte å bruka høgare eigedomsskatt til å styrkja helse og skule endå meir, i staden for å kutta meir i tenester.
Styringssignal til administrasjonen
Strategisk leiargruppe i Bømlo kommune. Frå venstre kommunalsjef helse og omsorg Kjell Magnar Mellesdal, kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland, personalsjef Vanja Espeland, kommunalsjef oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer, økonomisjef Jarle Nakken og kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.
Simon Knutsson Sortland
Kommunestyret vedtok òg fleire såkalla verbalpunkt – dette er styringssignal til administrasjonen om kva dei skal jobbe vidare med i 2026. Desse handlar mellom anna om å følgja økonomien tett, finna nye innsparingar, styrkja helse- og omsorgstenestene, bruka frivillige og vidaregåandeelevar meir, og sjå på korleis kommunen er organisert.
Her er dei viktigaste verbalpunkta som vart vedtekne:
1. Fleire budsjettrevisjonar i 2026
Kommunestyret vil følgje økonomien tett, og er opne for å endre budsjettet fleire gonger gjennom 2026 for å både spare meir og kunne styrkje viktige tenester i helse og omsorg.
2. Ekstern gjennomgang av drifta
Det skal gjerast ein ekstern revisjon av korleis kommunen driv. Målet er å finne område der ein kan jobbe smartare og meir effektivt, særleg innan helse, oppvekst og skule.
3. Ny tiltakspakke 4
Kommunedirektøren skal lage ein ny «tiltakspakke 4» med forslag til innsparingar. Formannskapet skal vere styringsgruppe, og det skal lagast ei enkel oversikt over tiltak, kva dei kan spara og status på dei.
4. Innsparing på 3 millionar i oppvekst, kultur og idrett
Det skal sparast 3 millionar kroner på området «Oppvekst, kultur og idrett». Kommunedirektøren skal komme tilbake med ein konkret plan. Skulane skal ikkje få kutt i drift, og det er sett av noko til lærebøker.
5. Besøksvenn for eldre
Kommunen vil undersøkje om vidaregåande elevar på helse- og omsorgsfag kan få betalt jobb som besøksvener for eldre, etter modell frå Fitjar kommune.
6. Informasjon om aktivitetstilskot for eldre
Kommunen skal informere frivillige lag og organisasjonar om ei ny statleg støtteordning for aktivitetstiltak for eldre, og hjelpe til så langt det let seg gjere.
7. Frivillige til matutkøyring
Kommunen vil sjå på om frivillige kan bidra til matutkøyring til eldre. Det er ikkje meint som eit reint innsparingstiltak, men for å frigjere meir tid til omsorg for dei tilsette i helsetenesta.
8. Aktiv bruk av startlån for eldre
Kommunen vil bruke startlån-ordninga aktivt også for eldre som treng ein meir tilpassa bustad, og gjere denne moglegheita betre kjent.
9. Satsing på IA og arbeidsmiljø
Kommunen vil styrkje arbeidet med inkluderande arbeidsliv (IA) for å få ned sjukefråværet og sikre eit godt arbeidsmiljø. Kommunestyret skal få ei eiga orientering om IA-arbeidet.
10. Utgreia organisering av Bømlo kulturhus
Det skal utgreiast om Bømlo kulturhus bør gå frå å vere eit kommunalt føretak (KF) til å bli ein vanleg eining i kommunen, for å vurdere økonomi, organisering og samspel med andre tenester.
11. Sak om Moster Amfi og statsbudsjettet
Kommunestyret har bestilt ei eiga sak som skal vise kva som må til for at Moster Amfi kan få statleg finansiering og kome inn på statsbudsjettet.
Klarsignal til Serklau-utbygging
Prosjektleiar Martin Laurhammer frå Moster Eiendom orienterer om utvidingsplanane på Serklau industriområde og Scale AQ her representert ved prosjektdirektør Alf Eidsvik (t.h) og lokasjonsmanager Ståle Ytrøy (t.v).
Simon Knutsson Sortland
Formannskapet sine framlegg til endra satsar for kommunale gebyr og avgifter vart samrøystes vedteke av kommunestyret. Det vart også å innvilga kommunal garanti med sjølvskuldnargaranti for lån på inntil 25 millionar kroner til BVA..
Kommunestyret vedtok også samrøystes detaljreguleringa av Serklau industriområde i tråd med innstillinga frå Utval for areal og samferdsle. Eit viktig punkt er å sjå næringsutvikling og infrastrukturutbygging i samanheng. Her vert stilt tydelege krav til trafikktryggleik og omsyn til natur og sjøliv.