Styrkjer kompetansen innan lindrande behandling og omsorg ved livets slutt

Bømlo kommune fekk i 2025 tilskot frå Statsforvaltaren i Vestland til kompetansebygging innan lindrande behandling og omsorg ved livets slutt. Målet er å styrkje fagkompetansen og betre samhandlinga mellom heimetenestene, korttidsavdelinga og andre involverte tenester.

føredrag i stor sal - Klikk for stort bileteSjukehusprest Anne Birgitte Ruus sette søkjelys på møtet med pasientar og pårørande i siste fase av livet då ho vitja Bømlo kommune på dagskurs i palliasjon. Christine Grønås Mæland.

Gjennom året vert det arrangert faglunsjar, undervisning, kurs og fagdagar for tilsette, også i samarbeid med legesenteret. Tema er mellom anna tilgjengelege verkemiddel og korleis ein kan samarbeide best mogleg rundt pasientar i livets siste fase.

Førebur internasjonal palliasjonsdag

Nyleg besøkte sjukehusprest Anne Birgitte Ruus Bømlo etter invitasjon frå kreftsjukepleiarane Vivian Bærøy og Martha Fylkesnes. Ho sette søkjelys på møtet med pasientar og pårørande i siste fase av livet, og på korleis tilsette kan handtere eigne reaksjonar når dei arbeider tett på død og sorg. Dagen fekk svært gode tilbakemeldingar.

Seinare i år vil kommunen prøve å markere den internasjonale palliasjonsdagen, gjennomføre praktiske workshop for tilsette med fokus på prosedyrar, samt fortsetje med kompetanseheving og informasjon om det palliative tilbodet.

Tekst: Christine Grønås Mæland