Sykle til jobben-aksjonen

Bømlo kommune og Velferdsklubben har i år gått saman for å sikra gratis deltaking for alle innbyggjarane våre i årets Sykle til jobben- aksjon i tidsrommet frå 3. mai til 16. juni. All aktivitet til og frå jobb og på fritida tel.

Tekst: Anastasiia Starzhynska

Sykla til jobben er ein lågterskel, felles aktivitet som alle kan delta på, uansett form og utgangspunkt. Sidan 1973 har Noregs største aktivitetskampanje fått over 1 million til å velja ein meir miljøvennleg og aktiv reiseveg og kvardag.

Gratis deltaking for alle

 - For å finansiere gratis deltaking i denne aksjonen for alle innbyggjarane sine har Bømlo kommune og Velferdsklubben i kommunen gått saman i år, fortel rådgjevar for folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen i Bømlo kommune. Det er mange år sidan sist Bømlo kommune deltok.

All aktivitet til og frå jobb og på fritida tel. Både sykling, gåturar, styrketrening, fotball, fjellturar og alt anna kan loggast i appen Bedriftsidretten. Det er mogleg å delta som enkeltdeltakar, men kanskje er det enda kjekkare dersom ein går saman i lag – og gjerne med utfordring om å slå laget til naboen/ei anna avdeling på jobben/eit anna politisk parti? Her er det berre fantasien som set grenser.

Frå sykling til allaktivitet

Dei siste 20 år har Sykle til jobben utvikla seg frå å vera ein rein sykkelaksjon til å bli ein heilskapleg aktivitetskonkurranse. Både deltakarar og bedrifter etterspurde moglegheiter for å inkludera alle, uansett mosjonsnivå og avstand til arbeidsplassen. Derfor vart all type kvardagsaktivitet premiert, i tråd med Helsedirektoratets tilrådingar om 30 minuttar aktivitet dagleg. Forsking viser at det å gjera noko aktivt og meiningsfylt saman med andre styrkar både fysisk og psykisk helse.

I dag samarbeider Sykle til jobben tett med norske kommunar over heile landet og støttar satsing på sykkelvegar og heilårssykling, inspirert av andre europeiske byar.

Flotte premiar

- Under heile kampanjen får du inspirasjon, utfordringar og moglegheitar til å vinna flotte premiar. Frå veke 14-18 har du sjanse til å få ein Mérida Mitro sykkelhjelm, opplyser hovudverneombod Idar Grasdal i Bømlo kommune. 

Bli med, skap aktivitet og bidra til meir sunnare kvardag for deg sjølv og dine medborgarar på Bømlo. Saman kan me skapa ei positiv endring, både for helsa vår og for miljøet.

Liv og lyst Svortland, eit prosjekt i regi av Svortland krinslag, er samarbeidspartnar. Under torgdagen i slutten av juni vert det lokal premiering.

Delta i vervekampanjen og vinn flotte premiar

Verv minst éin, og du er med i vekas trekning. For å verve må du først registrere deg sjølv. 

Registrer deg 

Deretter må du dele verve-lenka "Inviter ein kollega" frå di eiga kampanjeside "Min kampanje", som du finn under "Påmelding" på nettsida.

Lenka kan du sende til alle venner og kollegaer du vil invitere til å delta saman med deg. Når nokon melder seg på via lenka, er du automatisk registrert som verver!

Frå veke 14 til 18 trekker vi kvar veke ein vervevinnar som får ein Merida Mitro sykkelhjelm!

Bli vår Superverver

Verv minimum seks deltakarar i løpet av kampanjeperioden, og du er automatisk med i trekninga av ein splitter ny Merida landevegssykkel.



 

Til toppen