Takstauke og fiskerihamn på dagsorden

Kommunestyret innleiar neste politiske møterunde måndag 17. mars. På sakskartet står mellom anna takstendring for å oppnå gjennomsnittsakst i Bømlopakken 2025 og mogleg emisjon og endring av eigarstruktur i Hovlandshagen Utvikling AS.  

Sjå kommunestyremøte på direkte-tv

Ungdomsrådet, Eldrerådet og Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har også sine møter denne veka, medan formannskapet og utvala for levekår, og areal og samferdsle har sine møter veka etterpå.

Møteinnkalling og protokoll kommunestyremøte 17.03.2025

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar

Utval for levekår skal mellom anna handsama to planar. Det er Handlingsplan mot vald i nære relasjonar og Kompetanse-og rekrutteringsplan.  Kommunen er pliktig til å førebygge, avdekke og avverje vald og seksuelle overgrep, og har ansvar for å ivareta alle som vert ramma av eller utøver vald i nære relasjonar. Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg problem, også lokalt, og konsekvensane av vald og overgrep er store. Handlingsplan mot vald og overgrep i nære relasjonar vil vere eit viktig verktøy for å førebygge, avdekke og handtere valdssaker og å betre tilboda til dei som vert utsette for vald.

Busthorn bustad- og næringsområde

Kommunedirektøren tirår Utval for areal og samferdsle å vedta Reguleringsplan for bustad- og næringsområde Busthorn på Hollund gr./bnr. 89/4,9 m.fl. Føremålet med planen er leggje til rette for både nærings- og bustadføremål, samt tilhøyrande trafikk-, leike- og friluftsområde. I vest er det planlagt om lag 200 bustadeiningar med ulike bustadtypar, medan austområdet skal nyttast til næring, inkludert kontor, butikkar og lett industri – men ikkje tung industri. 
Langs austgrensa vert det etablert grøntområde som buffer mot landbruksareal. Planarbeidet vil ha særleg fokus på arealutnytting, trafikkløysingar, grenseavklaringar og tilpassing til terreng og landskap. 

Møteinnkalling og protokoll Utval for levekår 25.03.2025

Møteinnkalling og protokoll Utval for areal og samferdsle 27.03.2025

Søkjer fast skjenkeløyve

Formannskapet skal gje si tilråding til kommunestyret for endeleg vedtak av Kommuneplanen sin samfunnsdel KPS 2025-2035. Vidare skal dei vurdera garanti for fast stilling etter fullført læretid i helse- og omsorgssektoren, strategiar for berekraftig omstilling og styrka dialog med innbyggjarane, ny samarbeidsavtale om DigiVestland og retningsliner for valnemnd i Bømlo kommune. Både Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter AS og MS GåPå har søkt om fast skjenkeløyve, noko kommunedirektøren tilrår formannskapet å innvilga.

Møteinnkalling og protokoll Formannskapet 27.03.2025

Møteinnkalling og Bømlo ungdomsråd 19.03.2025

Møteinnkalling og protokoll Eldrerådet 20.03.2025

Møteinnkalling og protokoll Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 20.03.2025