Leverandøren av vårt kommunetv, Aventia, har no oppgradert systemet ned automatisk transkribering av direkteopptak. Dette betyr at me i etterkant av sendinga kan lasta opp heile sendinga til teksting, slik at publikum valfritt kan sjå arkivopptaka med eller utan teksting. Du trykker på knappen merka “CC” nede i høgre billedkant.
Sjå opptak av kommunestyremøtet 10.02.2025
Aventia nyttar Nasjonalbiblioteket sin avanserte språkmodell, NB-Whisper, som gir presis teksting på norsk – inkludert dialektar og nynorsk. Modellen er trena på store mengder norsk tale og handterer dialektar betre enn tidlegare løysingar. Tekstinga skjer automatisk, men det må likevel gjerast ein kontrollsjekk av til dømes namn eller sikra at eit "ikkje" ikkje fell ut. Difor vert opptaka publisert dagen etter møtet. Det er inntil vidare ikkje klart for direkteteksting medan sendinga går live.
Arkivopptak frå Bømlo kommunestyre kjem no med høve til undertekstar.
Skjermdump kommunetv