Tenestestandard for tydelegare tenester og felles praksis

Kva hjelp kan du få, og korleis kan kommunen støtta deg? Kommunestyret har vedteke ein tenestestandard for helse.

kvinne på talarstol - Klikk for stort bileteKommunalsjef for helse, sosial og omsorg Monica Smedsrud tok ordet under saka om ny Tenestestandard og synte mellom anna til kommunen sin pårørandestrategi. Simon Knutsson Sortland

Standarden samlar informasjon om tenestene, kven dei er for, og korleis du og kommunen kan samarbeida. Målet er at det skal bli lettare for deg og dine pårørande å finna fram i tenestetilbodet.

Mange pårørande står i krevjande omsorgsoppgåver. Tydelegare informasjon skal gjera det enklare for både deg og dine pårørande å få oversikt over hjelpa kommunen kan gi. Kommunen ønskjer òg å leggja betre til rette for at pårørande blir involverte i samarbeidet om tenestene.

Eit felles grunnlag for gode vurderingar

Tenestestandarden skal vera ei felles støtte for dei tilsette. Han skal bidra til at kommunen vurderer søknader på eit meir likt og føreseieleg grunnlag. Standarden skal òg hjelpa dei tilsette med å prioritera best mogleg når fleire treng hjelp og kommunen har færre tilgjengelege ressursar.

Behova dine skal framleis vera utgangspunktet. Me har ulike liv, ressursar og nettverk, og me treng ulik hjelp. Kommunen skal difor vurdera kvar søknad individuelt og tilpassa hjelpa til den enkelte innanfor gjeldande lovverk.

Ein felles standard betyr ikkje at alle skal få det same. Standarden kan heller ikkje erstatta ei fagleg og individuell vurdering. Han skal bidra til meir likeverdig praksis, tydelegare forventningar og rett hjelp til rett tid.

Tenestestandarden er eit steg i arbeidet med å forbetra tenestene og gjera dei lettare å forstå. Han skal gi kommunen eit godt felles grunnlag for å gi nødvendig hjelp til dei som treng det.

Tenestestandard for helsetenester i Bømlo kommune (PDF, 849 kB)

Betre støtte og samarbeid med pårørande

Pårørandestrategien for 2026 til 2028 skal styrkja samarbeidet mellom Bømlo kommune, Haugesund kommune og Sveio kommune og dei som står nær ein person som treng hjelp. Strategien skal bidra til betre dialog og informasjon, meir opplæring og større involvering av pårørande i tenestene.

Les pårørandestrategien for 2026–2028 (PDF, 852 kB)

pleier held hender med gamal dame - Klikk for stort biletePårørandestrategien er ein del av å skaffa nok varme hender i helse- og omsorgsarbeidet. Julie Bakken

Pårørande kan vera familie, vener eller andre nærståande. Dei kan vera barn, ungdommar, foreldre, partnarar eller andre som hjelper ein person med sjukdom, funksjonsnedsetjing, psykiske helseutfordringar eller andre behov for støtte. Målet er at pårørande skal få hjelp til å meistra omsorgsrolla utan at eiga helse og livskvalitet blir svekka.

Tenestestandarden og pårørandestrategien støttar opp om det same målet. Du og dine pårørande skal få tydeleg informasjon og vita kva de kan venta av kommunen. Samstundes skal kommunen lytta til erfaringane og behova til dei pårørande og leggja til rette for eit godt og føreseieleg samarbeid.

Tenestestandarden omfattar fleire former for pårørandestøtte. Det kan mellom anna vera informasjon og rettleiing, avlasting og omsorgsstønad. Kommunen skal vurdera kva støtte som passar best ut frå omsorgsoppgåvene, belastninga og den samla situasjonen til familien.

- Bømlo kommune jobbar systematisk med pårørandestøtte, eit arbeid som vil halde fram i tida som kjem. Me skal vurdera behova individuelt og tilby pårørande opplæring, rettleiing, avlasting eller anna støtte når det er nødvendig. Den nye pårørandestrategien skal bidra til meir forutsigbarheit, der målet er å bidra til at pårørande opplev meistring utan at det går på bekostning av eiga helse og livskvalitet, understreka kommunalsjef for helse, sosial og omsorg Monica Smedsrud då saka vart handsama i kommunestyret.