Tillit og psykisk helse på dagsordenen for ungdomane

Om lag tusen ungdomar var inviterte til Bømlo kulturhus då Mental Helse Bømlo, Bømlo ungdomsråd og Bømlo kommune markerte Verdsdagen for psykisk helse. Gjennom føredrag, musikk og panelsamtale utforska dei kva tillit, språk og fellesskap betyr for ungdomane sin kvardag.

mann på scene - Klikk for stort bileteOliver Bergset var årets føredragshaldar på Verdsdagen for psykisk helse i kulturhuset. Synnøve Sørvik

Årets tema var «Tillit er beredskap – kvar handling tel». Ungdom frå ungdomsskulane, vidaregåande opplæring, BVO og Bømlo folkehøgskule deltok på arrangementet. Bandet Solstrålene med Hilde, Ravn, Sjur, Lukas og Patrick ( ta med etternamn) frå Bømlo kulturskule opna dagen.

Livet bak skjermen

Programleiar og innhaldsskapar Oliver Bergset delte erfaringar frå si eiga ungdomstid og vegen inn i sosiale medium. Han snakka om korleis det er å sleppa andre inn i livet gjennom ein skjerm, og om kva den digitale verda kan bety på godt og vondt.

Bergset fortalde om sine eigne erfaringa med scrolling på mobilen, kor ukonsentrert han vart på dei rundt seg. Gjerne irritabel og fordi ein vart forstyrra. Han kom med eit råd til dei unge i salen: - Litt rart at eg seier dette, som har bygd ei karriere på sosiale medium og digitale flater. Men legg vekk mobilen og ta pause frå scrollinga! Ta deg tid til å kjenne etter kva du likar og kven du er saman med andre.

Bergset er kjend frå NRK og TV-programma «Kompani Lauritsen» og «Norges dummeste». Gjennom sosiale medium når han mange ungdomar, ikkje minst unge gutar.

Kva skal til for å skapa tillit?

vaksne og ungdomar i panelsamtale - Klikk for stort bileteKva skal til for at ungdom kan kjenna tillit og våga å be om hjelp? Ludvig Bøe Stølen og Maha Alhamid frå Bømlo ungdomsråd diskuterte spørsmålet med (f.v) kommunepsykolog Øivind Johnsen, ungdomskontakt Marianne Lidal og avdelingsleiar Kristoffer Grindheim. Dagens konferansier og verksemdsleiar Linda Hellen i Barne- og familietenesta leia samtalen. Simon Knutsson Sortland

I panelsamtalen møtte Ludvig Bøe Stølen og Maha Alhamid frå Bømlo ungdomsråd fagpersonar som arbeider med barn og unge. Det var kommunepsykolog Øivind Johnsen, ungdomskontakt Marianne Lidal og avdelingsleiar ved Hillestveit skule Kristoffer Grindheim.

Samtalen leia av dagens konferansier og verksemdsleiar Linda Hellen i Barne- og familietenesta tok opp spørsmål som mange ungdomar kan kjenna seg att i. Må ein prestera på mange område samtidig? Gjer sosiale medium det vanskelegare å vera seg sjølv? Kva skal til for at ein ungdom vågar å fortelja ein vaksen at noko ikkje er bra? Og korleis kan skulen skapa tryggleik og tilhøyrsle utan at alle må vera like?

Ungdomsrådsleiar Ludvig Bøe Stølen fortalde at det som kanskje var mest vanskeleg for unge idag var å vere annleis utanpå; ein flekk på genseren, “feil” merke, “feil” frisyre – gav kanskje fleire negative kommentarar enn om ein snubla eller sa noko dumt. 

publikum i kinosal - Klikk for stort bileteTillit er beredskap og kvar handling tel var tema for Verdsdagen for psykisk helse 2026. Her er ein del elevar samla i kulturhussalen.kuleelevar og andre fek høyra panelsamtalar og innlegg i kultuhust. Simon Knutsson Sortland

Han meinte at slike kommentarar nok såra meir og sat i lenger. Han var og opptatt av tillit til at om ein ungdom skulle fortelje ein vaksen eller ven at noko ikkje var bra, så måtte ein stola på at den som tok i mot det ikkje fortalde det vidare.

Maha Alamid peika på at det var stort fokus på kva ein skal bli, alt frå ungdomsskulealder. Ho synes det var litt irriterande å få dette spørsmålet i alle samanhengar på skule, heim og i familieselskap. Ho peika på at ein kanskje skulle spørje om kva ein var interessert i, kven ein var for å hjelpe ungdom i sin søken mot utdanning og arbeid der framme.

Kommunepsykolog Øivind Johnsen utdjupa dette med at å leve det gode liv er blitt eit nesten umogleg prosjekt. Han meinar at sosiale medium gir oss det polerte og perfekte, slik at me vert forleda til å tru at dette er livet. Då blir kvardagane, med sine opp og ned-turar, noko som ein trur ein er åleine om. 

- Det er difor viktig at me snakkar om og deler det mindre perfekte, viser barna våre og ungdomane at livet har mange falsettar. Vere nøgd med, og ha tillit til, seg sjølv - og når ein ikkje presterer 100 prosent, understreka Johnsen.

Ord er også handlingar

ungdomsband på scene - Klikk for stort bileteBandet Solstrålene med Patrick James Meling Tulloch (gitar), Lukas Asen Hjelland (gitar), Ravn Davidsdotter Sandvik (bass), Hilde Seth Fylkesnes (trommer) og Sjur Staveland Sæter (gitar og vokal) frå Bømlo kulturskule opna Verdsdagen for psykisk helse 2026. Synnøve Sørvik

Prosjektet «Ordet Fangar» stod sentralt gjennom dagen. Ungdom frå elevråda og ungdomsrådet har laga ti køyrereglar for korleis me snakkar til og om kvarandre.

Ein kommentar i klasserommet eller på nettet kan påverka om eit anna menneske kjenner seg innanfor eller utanfor. Orda våre kan byggja tillit, men dei kan også bryta henne ned.

Dagen enda med eit konkret spørsmål til panelet: Dersom alle skulle gjera éi lita handling for å byggja meir tillit, kva burde dei gjera?

Du kan: 

  • sei hei og gje eit smil
  • gje eit kompliment
  • våg å ha tillit til deg sjølv
  • finn ein du kan stole på
  • inkluder ein i fellesskapet du ser står utafor
  • ta sjansen
     
fire personar på stand - Klikk for stort bileteFremja psykisk helse på stand for Mental helse Bømlo. i kulturhuset. Vrå venstre Margaret Gjerde, Inger Langesæter, Odd Egil Bogen og Anita Jensen. Simon Knutsson Sortland gruppebilete ungdomar og vaksne - Klikk for stort bileteSentrale deltakarar under Verdsdagen for psykisk helse 2026 i Bømlo kulturhus var kommunepsykolog Øivind Johnsen (t.v), ungdomskontakt Marianne Lidal, Oliver Bergset, verksemdsleiar Linda Hellen i Barne- og familietenesta og avdelingsleiar ved Hillestveit skule Kristoffer Grindheim saman med ungdomane i Bømlo ungdomsråd. Frå venstre Maha Alhamid, Ravn Davidsdotter Sandvik, Hilde Seth Fylkesnes, Ludvig Bøe Stølen, Sjur Staveland Sæter, Patrick James Meling Tulloch og Lukas Asen Hjelland. Bømlo kommune