Torunn blir ny kommunalsjef

Torunn Laurhammer er tilsett som ny kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett i Bømlo kommune frå 1. august. 

Den tidlegare avdelingsleiaren ved Bremnes ungdomsskule kjem frå jobben som rektor ved Stord folkehøgskule. Ho vart tilsett som rektor før oppstarten av Stord folkehøgskule i 2021.

- Eit godt val

- Me er glad for at Torunn Laurhammer takka ja til stillinga, og meiner me har gjort eit svært godt val, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. Det var mange sterke kandidatar blant søkjarane som ville ta over etter Bjørn Håvard Bjørklund som no går over til KS Konsulent AS.

– Torunn har gjort ein fantastisk innsats for skulen sidan ho vart tilsett for litt over tre år sidan. Det er krevjande å byggja opp ein ny skule. Det er mykje praktisk som skal på plass i ein slik prosess, i tillegg til at ein skal byggja opp ein organisasjon med dyktig personale og rekruttering av elevar. Ho har gjort dette på ein framifrå måte og hatt ei høg stjerne hos alle som har samarbeida med ho. Bømlo kommune får ein dyktig leiar, seier styreleiar i Stord folkehøgskule, Tom Knudsen til avisa Sunnhordland.

Bømlo kommune har også fått på plass ny rådgjevar for helse, sosial og omsorg. Christine Grønås Mæland tek over etter Jorunn Jacobsen Folgerø-Holm som slår følge med Bjørklund til KS Konsulent AS.

Til toppen