Tre valkrinsar er lagd ned - du kan røysta i ein av dei fem andre

Måndag 8. september kl. 10:00 - 21:00 er det valdag for Stortingsvalet 2025. Kommunestyret vedtok å leggja ned valkrinsane Meling, Gilje og Folderøy til dette valet. Du som soknar til desse krinsane kan nytta deg av ein av dei fem gjeldande valkrinsane Svortland, Moster, Langevåg, Rubbestadneset og Våge.

to kvinner og mann ved arbeidsbord i røystelokale - Klikk for stort bileteGod stemning ved oppstrten av førehandsrøystinga til Stortings- og Sametingsvalet 2025 i Bømlo kulturhus. Frå venstre valansvarleg Bente Sæverud, IKT-rådgjevar Helge Bjørnevik og nestleiar vallokalet Silje Eriksen Oldereide. Simon Knutsson Sortland

På valdagen 8. september vert det halde ope på følgjande røystestader i tida 10.00-21.00 for årets Stortingsval.

Det er i: 

1.    Bømlo kulturhus
2.    Moster skule
3.    Langevåg Bygdatun
4.    Rubbestadneset skule
5.    Våge skule

Førehandsrøystinga i kulturhuset held fram til og med fredag 5. september.

NB: Det er same kva krins du går til, og det er desse fem krinsane som er gjeldande i år. Hugs gyldig legitimasjon!