Treff for deg som er pårørande eller nærståande til nokon med rusavhengighet

Rustenesta i Bømlo Kommune ynskjer å invitere til treff for deg som er pårørande eller nærståande til nokon med rusavhengighet tysdag 24. mars kl. 18.00 til 20.00 på Bøtun 3 (Psykisk helse og rusbygget).

menn og kvin ner i samtale rundt stovebord teikneillustrasjon - Klikk for stort bileteGode samtalar i trygge rom. (KI-generert) ChatGpt

Dette er eit uformelt treff for deg som står nær nokon med rusavhengigheit. Her kan du møta andre som er eller har vore i liknande situasjonar, og få ein trygg møteplass for støtte, erfaringsdeling og håp.

Du vel sjølv kor mykje du ynskjer å dela. Alle som deltek har gjensidig teieplikt.

Påmelding:
Send ei melding til rusvernkonsulent Frida Halvorsen tlf. 915 76 569, for å melde deg på.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.

Vel møtt!