Treff for deg som er pårørande eller nærståande til nokon med rusavhengighet

Rustenesta i Bømlo Kommune ynskjer å invitere til treff for deg som er pårørande eller nærståande til nokon med rusavhengighet onsdag 10. juni kl. 18 til 20 på Bøtun 3 (psykisk helse og rusbygget).

Dette er eit uformelt treff for deg som står nær nokon med rusavhengigheit. Her kan du møta andre som er eller har vore i liknande situasjonar, og få ein trygg møteplass for støtte, erfaringsdeling og håp.

Du vel sjølv kor mykje du ynskjer å dela. Alle som deltek har gjensidig teieplikt.

Ta kontakt dersom du har spørsmål, og gje gjerne ei tilbakemelding til rusvernkonsulent Frida Halvorsen på tlf. 915 76 569 om du planlegg å koma.

Vel møtt!