Treff for seniorar – bu trygt heime og leve godt

Bømlo kommune inviterer til treff for seniorar med tittelen "Nokre av dei finaste augneblinka i livet er planlagde". Her er det fokus på tryggleik, helse og livsglede.

møtelyd sit ved bord og høyrer på orkester - Klikk for stort bileteGodt frammøte på sist temadag om å bu trygt heime i kommunestyresalen der det også var både kulturelle innslag, kaffi og snittar. Simon Knutsson Sortland

Treffet finn stad i kommunestyresalen og gir nyttig kunnskap, gode samtalar og høve til å møta andre i same livsfase.

Treffa er retta mot innbyggjarar som fyller 75 og 76 år i år, og blir haldne på desse datoane:

14. april – for årgang 1950
21. april – for årgang 1951
30. april – oppsamlings­treff for begge gruppene

På treffet kan du få informasjon og delta i samtalar om:

  • å bu trygt heime
  • helse og livsglede i kvardagen
  • korleis halda seg frisk og aktiv
  • branntryggleik
  • fritidstilbod og frivilligheit

Programmet inneheld innlegg og føredrag, samtalar rundt borda og god tid til ein drøs. Under lunsjen legg me opp til uformelle samtalar og erfaringsdeling.

Påmelding

Du melder deg på ved å senda SMS til 453 82 642

Velkomen til eit sosialt og lærerikt treff!