Tryggleiksalarm fungerer utan fasttelefon
Har du tryggleiksalarm og fått brev frå din fasttelefonleverandør om at denne skal avsluttast treng du ikkje uroa deg. Tryggleiksalarmane frå Bømlo kommune har eige SIM-kort og brukar mobilnettet.
Tryggleiksalarm frå Careium er tilkopla mobilnettet.
Stine Olson Lodden
Tenestekontoret i Bømlo kommune har fått spørsmål frå fleire personar etter at Finnås kraftlag nyleg sende ut brev/epost til sine kundar om at fasttelefonen skal avsluttast. Dei bad sine kundar med tryggleiksalarmar om å sjekka om dette påverkar tryggleiksalarmen deira.
- Fasttelefonen blir fasa ut av fleire leverandørar, mellom anna Finnås kraftlag. Men du treng ikkje uroa deg for tryggleiksalaramar frå Bømlo kommune. Desse verkar sjølv om du ikkje har fasttelefon eller mobilabonnement. Du treng ikkje gjere noko, alarmen din fungerer som før, opplyser rådgjevar helse, velferdsteknologi Stine Olson Lodden.