Ungdom ved roret 2026: Ein dag for ungdom som vil påverka

Onsdag 23. september inviterer Bømlo ungdomsråd ungdom frå 9. klasse til 3. klasse i vidaregåande skule til Ungdom ved roret 2026. Samlinga er gratis og er i rådhuset på Bremnes.

ungdomar presenterer for stort publikum - Klikk for stort bileteBømlo ungdomsråd presenterte sitt arbeid på oppstartssamling saman med ungdomsrådet i Askøy kommune. (Arkivfoto). Johanne Kristiansen

Her får ungdom frå heile Bømlo høve til å diskutera, utvikla idear og gi innspel til saker som betyr noko i kvardagen deira. Samlinga er førebudd av ungdom og blir gjennomført av ungdom. Dei siste åra har denne samlinga vore gjennomført over to dagar med overnatting i Bergen saman med Ungdommens kommunestyre i Askøy kommune. I år arrangerer Bømlo ungdomsråd ei lokal samling.

Tre tema på programmet

Gjennom dagen jobbar deltakarane med:
•    Vegen vidare: transport, trafikktryggleik og kollektivtilbod
•    Fritid på vår måte: fritidstilbod, møteplassar, UKM og Møteplassen Gamle BUS
•    Me har ordet: innspel til kva ungdom meiner er viktig for framtida på Bømlo

Innspela frå samlinga skal samlast i eit dokument som blir sendt til dei politiske partia fram mot kommunevalet i 2027.

Om ungdomsrådet

Deltakarane får også innblikk i arbeidet til ungdomsrådet og fokusgruppene. I løpet av dagen vel ungdomsrådet leiar og nestleiar for det komande året. Samlinga legg vekt på aktiv deltaking gjennom gruppearbeid, diskusjonar og idemyldring. Det blir servering gjennom dagen, mellom anna pizza.

Frivillig sosial samling

Kl. 18.00–21.00 arrangerer Ten Sing Bømlo eit frivillig sosialt program med mat, aktivitetar og sosialt samvær. Arrangøren satsar på ein interessant, aktiv og lærerik dag kor ungdom får bruka stemma si til å påverke på ulike temaområder.

Praktisk informasjon

Tid: Onsdag 23. september 2026 kl. 10.00–18.00
Frivillig sosial samling: kl. 18.00–21.00
Stad: Rådhuset, Bremnes
Pris: Gratis

Meld deg på innan 21. september 2026

Velkomen til ein dag der ungdom kan seia meininga si, påverka framtida og møta andre engasjerte ungdommar frå heile Bømlo.

Leiarteamet i Bømlo ungdomsråd 2025-2026. Alis Natterøy og Karl Magnus Tollaksvik. Privat

Vil du vera med i Bømlo ungdomsråd?

No kan du søkja om medlemskap i Bømlo ungdomsråd for skuleåret 2026/2027. Ungdomsrådet består av ungdom frå ungdomsskulane og den vidaregåande skulen på Bømlo. Rådet arbeider for at ungdom skal bli høyrde i saker som gjeld kvardagen deira og utviklinga av kommunen. På oppstartsamlinga 23. september vert det også valt leiar og nestleiar for det nye ungdomsrådet.

Søknadsfrist: 30. september 2026

Søk om medlemskap i Bømlo ungdomsråd

Har du spørsmål?

Ta kontakt med leiar Alis tlf. 466 53 195 eller nestleiar Karl Magnus tlf. 969 11 391