Workshop under kurset Ungdom ved roret – stødig kurs framover.
Johanne Kristiansen
Ungdomsrepresentantane på skulebenker for å få orientering om Ungdom ved roret – stødig kurs framover.
Johanne Kristiansen
Prosjektet er tredelt og startar med ei todagars samling for 80 ungdomar i frå dei to kommunane. I tillegg vil 20 ungdomar i frå andre kommunar bli inviterte for å sjå korleis ungdomane i dei to kommunane jobbar.
- Veldig lærerikt
Leiar i Bømlo ungdomsråd Alis Natterøy (17) er svært glad for tilskotet. Samlingane i starten av skuleåret har blitt ein tradisjon og ho har delteke på alle fram til no. Samlingane har inspirert henne til nye måtar å arbeide på og lagt og eit godt grunnlag for korleis ein skal prioritere og kva som er viktig blant ungdommane i kommune. Sidan det ikkje berre er ungdomsrådet som deltek, får ein høyre fleire meiningar og ser eit større bilde. Oppstartsamlinga var også viktig for at ho i det heile valde å bli aktiv i ungdomsrådet.
Askel Ersland (16), som har vore med på to samlingar tidlegare, er også veldig glad for at det blir oppstartsamling igjen i september. Han har lært mykje om tema som rus, sosiale moglegheitar, møteplassar, politikk, rettighetar etc. Samlingane inspirerte han til å bli atkiv og å engasjere seg i ungdomspolitikk i Bømlo. Han meiner også at ungdomane gjennom dei to dagane får lagt eit godt grunnlag for eit bra arbeidsår i ungdomsrådet.
Emma Demic (16) har også eit år bak seg i Bømlo ungdomsråd etter at ho deltok på oppstartsamlinga i fjor. Ho er også veldig glad for at det blir samling i år også, då samlinga gav rom for å bli kjend med nye folk og læra nye ting.
gjensidige besøk
Alle tre håpar at ungdom i frå Bømlo brukar sjansen til å melde seg på samlinga, som er mest heilt ungdomsstyrt. Dei vaksne hjelper til i bakgrunnen, men det er ungdommane som leiar arrangementet, held innlegg, organiserer workshopar og står for det sosiale programmet.
Post it-lappar er eit bra verkty under workshopar som vart arrangert under kurset Ungdom ved roret – stødig kurs framover.
Johanne Kristiansen
Gjensidige besøk
Den andre delen av prosjektet består av gjensidige besøk mellom Bømlo ungdomsråd og Ungdommens kommunestyre i Askøy. Ungdom frå Askøy kjem til Bømlo for å sjå korleis Ungdomsrådet jobbar her og i tillegg blir det noko sightseeing og tid til å vera sosiale. I etterkant reiser ungdomar i frå Bømlo til Askøy og det blir gjennomført tilsvarande program der.
Dette er noko dei to råda har etterlyst i fleire år. Dei ynskjer seg meir kontakt ut over oppstartsamlinga for å halda samarbeidet, men ikkje minst dei sosiale kontaktane ved like.
Prosjektet skal også byggje opp ein verktøykasse eller ein databank om ungdomspolitisk arbeid – laga av ungdom for ungdom. Her skal det lagast filmar og anna materiell om gode idear og arbeidsmetodar som andre ungdomsråd kan bruke i sitt arbeid.
Stort utbyte
Det er snakk om mykje pengar, men både Alis og Askel meiner at utbyttet er stort og det er vel verdt å bruke så mykje pengar på dei. Dei opplever at dei gjennom prosjektet blir høyrde og får komma med innspel som kan føra til positiv utvikling i kommunane. I tillegg får dei mykje læring gode relasjonar og det fører til at ungdommen engasjerer seg meir i saker dei brenn for.
Samtidig har det vist kva moglegheitar ungdom har til å vera med å påverka det som skjer i kommunen. Alis meiner også at den personlege utviklinga til dei som deltar er stor. Ikkje minst er det viktig at dei får vera med på noko som er for ungdom, og som er laga av ungdom.
Ungdomsråda i Bømlo og Askøy får EU-stønad til prosjektet Ungdom ved roret – stødig kurs framover.
Johanne Kristiansen