Rådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen (t.v) og Nora Mæland orienterer om oppgåvene på Ungdomspolitisk dag.
Simon Knutsson Sortland
- Dette er eit veldig viktig og aktuelt tema, meiner ungdomsrådsrepresentant Nora Mæland. Me får samla dei det gjeld, nemleg ungdomen, og kan få innspel frå dei. Eg opplever dette ganske gale, og dei aller fleste av oss er blitt kalla stygge ting eller har sagt stygge ting til andre. Her får me samla dei det gjeld, nemleg ungdomane, og kan få deira innspel. Her kjem fram opplevingar frå ungdom utsett for rasise og hatefulle ytringar. Eg vonar denne dagen og at me framover kan førebyggja og endra trenden med hatefulle ytringar, seier 16-åringen.
Vil rasisme og hatefulle ytringar til livs
Tema for den ungdomspolitiske dagen var rasisme og hatefulle ytringar. Bømlo kommune har for tida to prosjekt gåande, «me høyre te» og «ordet fangar,» som begge handlar om arbeid for å redusere hatprat, rasisme, mobbing og utanforskap. Dette temaet har også vore fokus i arbeidet med oppfølging av Ungdata-undersøkinga 2024.
- Ungdomane har vore tydlege på at dei ynskjer å jobbe for eit inkluderande og mangfaldig Bømlasamfunn og jobbe for tiltak som reduserer mobbing, diskriminering og utanforskap. Dette seier Johanne Kristiansen, rådgjevar for folkehelse og frivilligheit i Bømlo kommune og koordinator for Bømlo ungdomsråd. Det er veldig flott at ungdomane ynskjer å engasjere seg i dette temaet. Bømlo ungdomsråd har representantar med i arbeidsgruppene for prosjekta «me høyre te» og «ordet fangar.» Saman med resten av arbeidsgruppene har dei vore med og planlagt den ungdomspolitiske dagen.
Gir innspel til vidare arbeid
Elevråda på alle dei tre ungdomsskulane og den vidaregåande skulen og Bømlo ungdomsråd var inviterte til den ungdomspolitiske dagen. I tillegg var eit utval elevar frå Våge og Svortland skular inviterte til dagen, då dei er med i prosjektet «ordet fangar.» Representantar frå ungdomsrådet har vore med i planlegging av arrangementet. Fleire frå Bømlo ungdomsråd har nyleg vore på Utøya og delteke på eit opplegg i regi av Det Europeiske Wergelandsenteret. Dei hadde med seg mange gode idéar heim frå eit tankevekkande, men inspirerande opphald.
På den ungdomspolitiske dagen fekk elevane jobbe med temaet rasisme og hatefulle ytringar på ulike måtar. Dei fekk mellom anna vere med på fleire øvingar som ungdomsrådsmedlemmane hadde vore med på under opphaldet på Utøya. Elevane måtte ta stilling til ulike påstandar om rasisme og hatprat og gjere seg opp ei meining om fleire sider ved desse temaa.
Etter ein pizzalunsj fekk elevane gi innspel på kva dei meiner er viktig i arbeidet mot rasisme og hatefulle ytringar. Innspela vil vere ein viktig del av kartlegginga i samband med prosjektet «ordet fangar.» Ein del av prosjektmidlane skal nyttast til å utarbeide ein handlingsplan mot rasisme og hatefulle ytringar med tilhøyrande tiltak og innsatsområde.
Var godt førebudde
Før den ungdomspolitiske dagen hadde elevane jobba med eit opplegg på skulane. Der diskuterte dei ulike spørsmål, som handla om korleis dei opplev situasjonen, kva som er greitt/ikkje greitt å seie, kva som kan vere årsakene til at nokre kjem med hatefulle ytringar og kva unge sjølv, skulen og foreldre har ansvar for og bør gjere.
- Dette er eit bra opplegg, meiner 6. klassingen Oskar Aden Onarheim frå Våge skule. Han deltok aktivt i gruppearbeidet.
Ei viktig satsing
På den ungdomspolitiske dagen fekk elevane informasjon om dei to prosjekta «me høyre te» og «ordet fangar». Dei to prosjekta inngår i eit større arbeid for å jobbe med inkludering og eit mangfaldig samfunn.
Prosjektet «me høyre te» er ein del av ei større satsing der arbeid mot rasisme, mobbing og utanforskap og arbeid for inkludering og tilhøyrsle er sentralt. I prosjektet er det lagt vekt på at ein ikkje skal bruke så mange ord, men andre måtar å uttrykkje dette temaet på. I haust vil derfor Bømlo kommune, i samarbeid med ei rekke lag, organisasjonar og institusjonar, tilby fleire ulike workshopar knytt til temaet "me høyre te."
Målgruppa for prosjektet er ungdommar i alderen 13 til 24 år som bur i Bømlo kommune. Etter workshopane vert det arrangert ein konsert med same tema, der bidrag frå workshopane skal visast, mellom anna gjennom film, aktiv deltaking på scena og utstilling. Ungdomskonserten blir sett i samanheng med markeringa av Verdsdagen for psykisk helse 2025.
Handlingsplanen mot rasisme og hatefulle ytringar har til hensikt å skape medvit om kommunen sitt ansvar for å imøtegå hatefulle ytringar og drive haldningsskapande arbeid. Planen skal vere eit verktøy som skal kunne nyttast av mange verksemder i kommunen, og klargjere målsettinga om eit mangfaldig og inkluderande lokalsamfunn.
- Me er takksame for tilskotsmidlane me har fått frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) til prosjektet «ordet fangar» og midlar til prosjektet «me høyre te» frå Sekretariatet for konfliktrådene si tilskotsordning «Forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme», seier rådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen.
Håpar på fleire innspelsmøte
- Det er avgjerande at barn og unge får seie si meining og gi innspel til viktige satsingar i kommunen vår. Derfor håpar me at den ungdomspolitiske dagen kan verte eit årvisst arrangement, der ungdomane på Bømlo, representert gjennom elevråd og ungdomsråd, kan få arbeide med ulike tema og seie si meining om korleis dei ynskjer at me skal ha det på Bømlo og korleis me skal jobbe med slike utfordringar, seier SLT-koordinator John Henrik Staveland Sæter.